HVL Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen

Vågestykke #16 AIR, Snorre Ytterstad. Fotograf: Pål Hoff

Om prosjektet

«Vågestykke» var eit kunstprogram gjennomført i perioden 2016 – 2018 på campus Bergen, som ein del av kunsten til HVL Høgskulen på Vestlandet. Programmet bestod av 17 tidsavgrensa hendingar med 11 kunstnarar og eit kuratert filmprogram. Målsetjinga med programmet var å slå kilar inn i det daglege livet på høgskulen i form av fagleg relaterte, sosiale eller politiske undersøkande prosjekt og hendingar, teknologisk utfordrande eksperiment og performative, auditive og/eller visuelle arbeid.

«Vågestykke» var ei utforsking av kva kunst i offentlege rom kunne vere om ein lausreiv den frå arkitektur, knytta kunsten til det sosiale rommet og la inn tid som ein komponent. Men òg ei utforsking av kva kunstverka til campus Bergen kunne vere om dei blei lausrivne frå høgskuleområdet. Til dømes kunne dei utspele seg på andre campus, i ein kunsthall i Bergen sentrum eller på internett.

I 2024 blei skulpturen The Communement av Gabriel Johann Kvendseth frå Vågestykke #7 i 2017 kjøpt til høgskulen og montert permanent i Foajéhagen på campus Bergen

Les meir om desse temporære og sosiale kunstverka på ei eiga side her, Instagram og på Facebook

 

Detaljer

Adresse

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstnere

Margrethe Kolstad Brekke
Tamrat Gezahegne
Inger Wold Lund
Claire Tolan
Jon Hoem
Jostein Stalheim
Zhang Xiaotao
Zhao Zhao
Li Binyuan
Miao Xiaochun
Tian Xiaolei
Qiu Anxiong
Li Yifan & Yan Yu
Ju Anqi
Yin-Ju Chen
Wen Hui
Gabriel Johann Kvendseth
Hagar Ophir
Hakim Bishara
Cathrine Evelid
Snorre Ytterstad

Ferdigstilt dato

15.03.2018

Prosjektansvarlig

Stine Arnet Høyem
Harald Fenn
Mari Aarre

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Trond Hugo Haugen
Sissel Lillebostad

¨
Varighet

Temporært

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk