Vågestykke #2 AIR Tamrat Gezahegne

Tamrat Gezahegne

 

Om

Vågestykke har etablert eit Artist in Residency, AIR, kor tanken er å late kunstnarar frå heile verda spandere tid på HiB, Kronstad. Den inviterte kunstnaren får møte fagmiljøet, etablere kontaktar og observere verknaden på dagleg basis over ei periode. Tamrat Gezahegne, busett i Addis Ababa i Etiopia, er den første kunstnaren Vågestykke inviterer til AIR, i første omgang for perioden 5. til 31. september 2016.

Gezahegne får rolla som kunstnarleg observatør av den sosiale og faglege aktiviteten på høgskulen, og av det andre kunstprosjektet i same periode: Luftballett. Tamrat Gezahegne kan i denne samanhengen bidra med eit blikk utanfrå på den elles så heimlege diskusjonen kring forvalting av energi, kunstnarleg virke som sosialt engasjert arbeide, etiske spørsmål og andre tema vi lett oppfattar som sjølvfølgje.

Gezahegne samla i løpet av opphaldet ein heil del skrot frå det tidlegare plantefeltet til NSB: rustne skjener, restar av porselen og terrakottapotter, metall, mykje plast og anna skrot. Alt dette materialet, som har kvilt i jorda dei siste åra, fekk våren 2017 nye former i en workshop av studentar frå HVL og born frå ein lokal barnehage.

Detaljer

Datering

2016

Kunstner

Tamrat Gezahegne

Kategori

Temporært

Mål


Varighet: 5. september – 31. september 2016

Nettside

Tamrat Gezahegne