Vågestykke #3 Nedbør

Inger Wold Lund, Claire Tolan

 

Om

Ei lydvandring av Inger Wold Lund med lyd innspelt, miksa og mastra av Claire Tolan.

Kva er regn? Kvifor regnar det så mykje akkurat her? Og ikkje minst, kva gjer dette regnet med oss? Lydvandringa Nedbør er den første av to lydvandringer på Høgskolen i Bergen som ser nærare på vêrfenomena nedbør og opplett. Gjennom ein serie med historiar og betraktingar om regn tek lydvandringa oss med på ei halvtimes vandring gjennom Campus Kronstad. På vandringa vert blikket til lyttaren retta mot detaljar som fargen på ein forbipasserande sin regnfrakk, eller korleis dråper på eit vindauge speglar verda opp ned. Lydbilete, beståande av bearbeidde felt-opptak frå lokalområdet, bidreg til å gjere lyttaren enno meir merksam på det sanselege og taktile ved regnet som fell. Nedbør tek utgangspunkt i perioden med mykje regn: haust og vinter.

Hør Nedbør her:

Av: Inger Wold Lund
Lyd: Claire Tolan
Manuskonsulent: Pål Gitmark Eriksen
Språkvask (engelsk): Claire Tolan
Studioopptak: Notto J. W. Thelle, innpilt på Notam
Testing: Øyvind Baste Agdestein, Simen Korsmo Robertsen og Alice Sarah Welsh
Takk til: Tyler Bopp, Mathijs van Geest, Lars Tore Halvorsen og Grete Wold

Inger Wold Lund er utdanna ved Oslo Kunsthøgskole, Konstfack i Stolckholm, og Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt am Main. Ho har gitt ut bøker på Flamme Forlag og Ugly Duckling Presse, og har blitt utstilt på blant anna M.I/mi1glissé i Berlin, Roberta i Frankfurt, Museo Apparentei i Napoli, Galerie Parisa Kind i Frankfurt, Hordaland Kunstsenter i Bergen, og INCA i Seattle.

Claire Tolan sine verk har sidan 2013 hatt sitt fundament i ASMR, Autonomous Sensory Meridian Response. Tolan har hatt ASMR-programmet You’re Worth it på Berlin Community Radio i to år, og har arbeidd med ASMR i framsyning, opptak, og utstilling, saman med blant anna Holly Herndon. Tolan var i 2015 Goethe-Institut and Space Perlin Noise sound artist-in-residence ved White House i London.

Detaljer

Datering

2016

Kunstnere

Inger Wold Lund
Claire Tolan

Kategori

Lydinstallasjon, Interaktiv kunst, Temporært, Mediekunst

Teknikk og materiale

Lydvandring

Mål


Varighet: 3. november - 17. november 2016
Samtale i Fyrrommet på Campus Kronstad: 3. november kl. 13.00
Lydvandring: 30:25 min.