Vågestykke #0 Grisane kjem

Margrethe Kolstad Brekke

 

Om

Ein vårdag i april 2016 flytta fire systrer av slaget ungarsk ullgris inn i eit lite skogholt – av kuratorene døypt Skrotskogen – i utkanten av Campus Bergen på Kronstad. Systrene, som ivrig kultiverte jorda, fekk æra av å opne Vågestykke. Skogholtet, eit tidlegare gartneri eigd av NSB, var eit villnis av vekstar.

Under leiing av økologen Benedicte Brun vaks ein permakulturskog fram der nabolagsborn planta poteter, buskas og tre blei kappa på dugnad, og scenograf Øystein Nesheim innreidde med presenningsdukar og utekjøkken. All denne aktiviteten opna eit tidlegare avstengd område opp for nabolag og campus. Og potetene? Dei skulle takast opp i september og bli mat for deltakarane på Luftballett Framtidsforum, eit seminar om det grøne skiftet.

 

Detaljer

Kunstner

Margrethe Kolstad Brekke

Kategori

Uterom, Temporært

Mål


Varighet: 26. april - 7. mai 2016

Margrethe Kolstad Brekke

THE LUFTBALLETT HISTORY