Vågestykke #5 Film frå Kina

Zhao Zhao, Zhang Xiaotao, Li Binyuan, Miao Xiaochun, Tian Xiaolei, Qiu Anxiong, Li Yifan & Yan Yu, Ju Anqi, Yin-Ju Chen, Wen Hui

 

Om

Med denne minifilmfestivalen byr vi på 11 dokumentar, animasjon og kunstfilm frå nokre av Kinas fremste samtidskunstnarar. HVL har eit formalisert samarbeid med fire kinesiske universitet, og programmet gav ein smakebit på kva denne kulturen har å by på. Framveksten av eit industrielt Kina har skjedd hurtig, og samfunnet står på mange vis i eit spenn mellom eit djupt forankra ruralt liv og ein snøgt veksande økonomi, noko som pregar mange av arbeida til kunstnarane.

Programmet er sett saman av Feng Boyi, Zhang Fan, Wang Dong og Bjørn Inge Follevaag i samarbeid med kuratorar for Vågestykke, Sissel Lillebostad og Trond Hugo Haugen.

Kurator Feng Boyi åpnar filmfestivalen med eit foredrag. Han er ein av Kinas mest kjende samtidskuratorer og kunstkritikarar. Han viser det han meiner på best måte reflekterer livet, kulturelle maktstrukturer, tendensar og samanhengar i den kinesiske kulturen i dag.

 

Zhao Zhao.

I oktober 2015 reiste Zhao Zhao og eit team av 30 medarbeidarar 4000 kilometer frå Beijing inn i Taklamakanørkenen med ein hundre kilometer lang elektrisk kabel, for å kople den til eit kjøleskap fylt med øl, i midten av den tomme ørkenen. Reisa tok 23 dagar. Zhao Zhao er kjend som dokumentaristen til verdkjende Ai Weiwei, men arbeider og som sjølvstendig kunstnar. Han er og stor på den internasjonale kunstscena. Kunsten hans har element av humor, galskap og politisk snert.

Project Taklamakan, 2016, 20 min. 16 sek.

 

Zhang Xiaotao.

Prosjektet Sakya er ei blanding av tibetologi, tibetansk buddhisme, arkeologi og digital teknologi. Zhang Xiaotao, som representerte Kina på Veneziabiennalen i 2013, er kunstnar og professor i nye medier på Kunstakademiet i Chengdu. Zhang Xiaotao hadde ein av sine første internasjonale utstillingar i Bergen for snart 15 år sidan på Galleri 3,14.

Sakya, 2011, 14 min. 15 sek.

 

Huang Jueping er eit område der by og land møtes. Vi er som skodespelarar i et et teaterstykke som handlar om forfall og attfødsel, tru og galskap, mareritt og verkelegheit. Vår æra er den der personleg og kollektiv erfaring kolliderer med kvarandre. Kva gjer dette med oss, og med sjela vår?

The spring of Huangjueping, 2012-2016, 60 min.

 

Li Binyuan.

Det forholdet eg har til foreldra mine fungerer som tyngdekrafta. Det å eige jord er heilt vesentleg i landsbyen eg kjem frå, og kvar vesle jordstripe har sin eigen karakter og skjebne – ei skjebne som og er folket si skjebne. Eg brukte kroppen min som reiskap til å markere eigarskap til jorda, men og som ein måte å finne attende til identiteten min. Li Binyuan er ein ung kunstnar som og blir lagt merke til internasjonalt. Han arbeider med foto og performans, men og som filmskuespiller. Han er mest kjend for å utsette kroppen sin for store belastninger i verka sine.

Freedom Farming, 2014, 5 min. 02 sek.

 

Miao Xiaochun.

Restart har i seg element av samanstøyt mellom sivilisasjonar og korleis våre kulturelle og interkulturelle minne er vevd saman ved hjelp av teknologi. Den europeiske kunstkanonen blir supplert med element frå den høgteknologiske moderniseringa av det urbane Kina. Miao Xiaochun er professor i digital kunst ved kunsthøgskulen i Karlsruhe, men og ved Central Academy of Fine Arts i Beijing. Han er mest kjend for sine 3D animasjonar og reknast som ein av verdas ypperste på sitt felt.

Restart, 2008-2010, 14 min. 22 sek.

Limitless, 2011-2012, 11 min. 15 sek.

Microcosm, 2007-2008, 15 min. 55 sek.

Samsara, 2015, 10 min. 12 sek.

Feast, 2016, 6 min. 24 sek.

 

Tian Xiaolei.

Våre digitale hjelpemiddel kan komme til å bli organ med tida og ikkje berre noko vi bærer med oss. Dette er noko vi må venne oss til etter kvart som liva våre vil bli heilt dominert av forskning og teknologi. Tian Xiaolei er ein ung kunstnar som og har festa seg ved det digitale mediet og lagar animasjoner om relasjonen mellom mennesket, kroppen og omgivelsene i en høgteknologisk kvardag. Han har laga 3 digitale animasjoner.

The World, 2007, 4 min. 40 sek.

The Poem, 2014, 7 min. 29 sek.

Nothingness, 2012, 2 min. 37 sek.

 

Zhang Xiaotao.

Teiknefilmen beskriv ikkje berre møtet mellom barnet og den vaksne si verd men er og ei samtale mellom ein far og ein son. Barn er både fortida og framtida vår. Kunstnaren undersøker korleis dagleglivet overlappar med ei fantasiverd og ser på haldningar til livet, tida og rommet.

The adventures of Liangliang, 2013, 11 min. 49 sek.

 

Qiu Anxiong.

Qiu Anxiong sine animasjonar av kinesiske tusjmaleri har vore vist ved både MoMA i New York og Moderna Museet i Stockholm. Han er utdanna ved kunstakademiet i Sichuan og Kunsthøgskulen i Kassel. Han er opptatt av korleis Kina hastar mot kommersialisering og kva slags konsekvensar dette har på samfunnsstrukturen. Filmen er ein svidande kritikk av moderniseringa som har ofra sosial samlivnad på alteret til det ein kallar framsteg. Sosiale framsteg har løfta ca. 600 millionar kinesarar ut av fattigdommen men med ein katastrofal konsekvens for miljøet og menneska.

New Book of Mountain and Seas, 2017, 30 min. 14 sek. Se to trailere.

 

Li Yifan & Yan Yu.

Denne prislønte filmen beskriv bygginga av Three Gorges Dam. Hundrevis av lokalsamfunn og tusenvis av byar blei satt under vatn. Ikkje utan kamp og tårer. Li Yifan & Yan Yu vant pris ved filmfestivalen i Berlin for sitt verk om flyttinga av millionar av mennesker i forbindelse med bygginga av verdas største damanlegg.

Before the Flood, 2005, 2 timer 24 min. 27 sek. Se trailer.

 

Ju Anqi.

Google Maps viser ørkenen i Xinjiang frå ti kilometers høgd. Ein ser tretti enorme kinesiske bokstavar og eit utropstegn. Kvar bokstav på størrelse med ei fotballbane. Slagord frå Kulturrevolusjonen laga i knust småstein. Ju Anqi er utdanna ved film-akademiet i Beijing og har fått ei rekke priser, mellom anna frå filmfestivalen i Berlin. Dokumentar på to skjermer.

Big Characters, 2015, 17 min. 21 sek./16 min. 53 sek. Se trailer her.

 

Yin-Ju Chen.

Denne novella beskriv kunstnaren der ho diskuterer pengebruken til mora si under ei feriereise til Amerika. Yin-Ju Chen har dei seinaste åra fokusert på korleis makt, nasjonalisme, rasisme og kollektiv (u)bevisst åtferd fungerer i samfunnet. Yin-Ju Chen arbeider mest med video og tema som makt, kollektiv åtferd og menneskelige relasjonar. Ho har bakgrunn frå San Fransisco Art Institute og Universitetet i Taipei.

Transactions, 2008, 7 min. 42 sek.

 

Wen Hui.

Tidleg i 2011 reiste Wen Hui attende til heimbyen i Yunnan for å finne røtene sine. Der møtte ho for første gang tredje bestemor, Su Meiling, som var 84 år gamal. Su Meiling opplevde å ha venta på henne i 50 år og fortalde Wen Hui familiehistoria. Historia kjem fram lagvis i dansen mellom bestemora og kunstnaren. Wen Hui representerte Kina på Veneziabiennalen i 2015, og har eit uavhengig dansekompani ho starta i 1994, som er internasjonalt særs anerkjent. Ho er mest kjend for improvisert dans basert på møter med vanlege folk heime og i utlandet.

Dancing with my third grandmother, 2015, 15 min. 35 sek.

Detaljer

Datering

2017

Kunstnere

Zhao Zhao
Zhang Xiaotao
Li Binyuan
Miao Xiaochun
Tian Xiaolei
Qiu Anxiong
Li Yifan & Yan Yu
Ju Anqi
Yin-Ju Chen
Wen Hui

Kategori

Film

Teknikk og materiale

Kunstdokumentar, digital animasjon, teikna animasjon, novelle, dokumentar og klassisk teiknefilm

Mål


Varighet: 16. februar - 25. februar 2017
Visningssted: Kultursalen Mimes brønn
:
16. februar kl.19.00: Åpning:
: Foredrag med kurator Feng Boyi.
: Zhao Zhao. Project Taklamakan, 2016, 20 min. 16 sek.
: Zhang Xiaotao. Sakya, 2011, 14 min. 15 sek.
: Li Binyuan. Freedom Farming, 2014, 5 min. 02 sek.
:
17. februar kl. 19.00: Kunst i animasjon.:
: Miao Xiaochun. Restart, 2008-2010, 14 min. 22 sek.
: Tian Xiaolei. The World, 2007, 4 min. 40 sek.
: Tian Xiaolei. The Poem, 2014, 7 min. 29 sek.
: Tian Xiaolei. Nothingness, 2012, 2 min. 37 sek.
: Zhang Xiaotao. The adventures of Liangliang, 2013, 11 min. 49 sek.
: Qiu Anxiong. New Book of Mountain and Seas, 2017, 30 min. 14 sek.
:
18. februar kl. 19.00: Dei store grepa.:
: Li Yifan & Yan Yu. Before the Flood, 2005, 2 timer 24 min. 27 sek.
: Ju Anqi. Big Characters, 2015, 17 min. 21 sek./16 min. 53 sek.
:
23. februar kl. 19.00: Personlege relasjoner.:
: Yin-Ju Chen. Transactions, 2008, 7 min. 42 sek.
: Wen Hui. Dancing with my third grandmother, 2015, 15 min. 35 sek.
: Zhang Xiaotao. The spring of Huangjueping, 2012-2016, 60 min.
:
24. februar kl. 19.00: Kunst i animasjon.:
: Miao Xiaochun. Restart, 14 min. 22 sek.
: Tian Xiaolei. The World, 2007, 4 min. 40 sek.
: Tian Xiaolei. The Poem, 2014, 7 min. 29 sek.
: Tian Xiaolei. Nothingness, 2012, 2 min. 37 sek.
: Zhang Xiaotao. The Adventure of Liangliang, 11 min. 49 sek
: Zhang Xiaotao. Sakya, 2011, 14 min. 15 sek.
: Qiu Anxiong. The New Book of Mountain and Seas, 30 min. 14 sek.
: Miao Xiaochun. Feast, 2016, 6 min. 24 sek.
:
25. februar kl. 19.00: Programmet oppsummert.:
: Zhao Zhao. Project Taklamakan, 20 min. 16 sek.
: Zhang Xiaotao. Sakya, 14 min. 15 sek
: Wen Hui. Dancing with my third grandmother, 15 min. 35 sek.
: Li Yifan & Yan Yu. Before the Flood, 2 timer 24 min. 27 sek.
:
Verk på monitor i det offentlige rom.:
: Miao Xiaochun. Limitless, 2011-2012, 11 min. 15 sek.
: Miao Xiaochun. Microcosm, 2007-2008, 15 min. 55 sek.
: Miao Xiaochun. Samsara, 2015, 10 min. 12 sek.

Facebook

Program