UiB Universitetet i Bergen, Det humanistiske fakultet

Verk av Marius Engh og Toril Johannessen har fått plass i Det humanistiske fakultet, som held til i eit funkisbygg frå 70-talet. Begge kunstnarane viser til historia: Johannessen med eit metrisk ur, Engh med reproduksjonar av arkeologiske ruinar.

oversikt, Toril Johannessen. Fotograf: Hilde Honerud

Om prosjektet

Klokketårnet til Toril Johannessen står i atriet utanfor bygget. Ho har tatt utgangspunkt i fenomenet tid, som kan tenkast og målast på ulike måtar. Uret er eit titimarsur, med ti timar og hundre minutt i døgnet, og er kanskje det einaste fungerande metriske urverket i verda. I tillegg til det metriske uret inneheld prosjektet Historisk tid ni grafiske verk spreidd rundt i fyrste etasje av bygget.

Johannessen sitt verk er inspirert av historisk banebrytande teoriar om tid og rom, utvikla av Albert Einstein og den franske matematikaren Henri Poincaré rundt førre hundreårsskifte. Den metriske tidsrekninga blei innført i Frankrike etter revolusjonen i 1793, men i motsetnad til andre metriske einingar slo aldri tidsrekninga an, og ein gjekk etter kvart tilbake til romersk tidsrekning.

Johannessen har ei sterk interesse for geologi, astrofysikk og vitskapshistorie, og tek ofte eksplisitt for seg forsking som tema i verka sine. Ved å hente fram ei alternativ tidsrekning viser ho at tid ikkje er ein naturleg storleik, men ein sosial konstruksjon. Dei ni grafiske arbeida undersøkjer på ulike vis tid og historie, og viser mellom anna statistikk over utvalde ord i akademiske journalar. Johannessen har òg sagt at ho ikkje har ønskt å lage kunst som er universell og tidlaus. Datamaterialet i statistikkane blir fort utdatert i den forstand at dei stoppar opp på det tidspunktet prosjektet blei ferdigstilt.

Marius Engh sitt verk The living are governed by the dead er ei reise tilbake til ruinane i antikken og består av avstøypingar av relieffa på Pergamonalteret. Pergamon var ein oldtidsby i Vesleasia, og alteret er eit av dei store arvestykka frå antikken. Det blei grave ut av tyske arkeologar på slutten av 1800-talet og står i dag i Berlin, der Engh bur og arbeider.

Verket tek utgangspunkt i ei av frisene som utgjer alteret – ei imponerande avbilding av Gigantomakhia, ein kamp om den kosmiske ordenen mellom dei olympiske gudane og gigantane. Frå frisa har Engh valt ut og reprodusert gipsavstøypingar av tre seksjonar kor frisa er grovt skada. Der Engh ikkje har hatt tilgang til ornamentikken, har han tilført ei flate utan innhald. Dei originale formene er kopiert, men dei historiske og arkeologiske detaljane er valt bort til fordel for ein djuptpløyande formstudie. Verket opnar for nye tolkingar og assosiasjonar – og eit nytt blikk på tinga vi omgjev oss med.

Ein publikasjon som følgjer verket og som ligg i vestibylen, viser til forsking på feltet og fortel historia om Pergamonalteret ved hjelp av illustrasjonar. Her finst òg eit utdrag frå Peter Weiss sitt maktkritiske romanverk Motstandens estetikk (1975–81), kor forfattaren skildrar kampen mellom dei kjempande skikkelsane på Pergamonalteret.

Toril Johannessen (f. 1978) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Mountain School of Arts i Los Angeles. Ho har ei rekke utstillingar bak seg, og deltok mellom anna i dOCUMENTA (13) og Biennale Benin 2012.

Marius Engh (f. 1974) er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. Han har allereie ein lang og innhaldsrik karriere bak seg, og verka hans er innkjøpt av fleire nasjonale og internasjonale samlingar.

Detaljer

Adresse

Haakon Sheteligs plass 7, 5007 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstnere

Toril Johannessen
Marius Engh

Ferdigstilt dato

06.02.2012

Prosjektansvarlig

Elisabeth Tetens Jahn

Kunstutvalgets øvrige medlemmer

Harald Fenn
Anders Wibstad Smebye
Elisabeth Byre

Arkitektkontor

Per Helland Hansen og Sverre Lied

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk