Historisk tid

Toril Johannessen

 

Om

Ei 10 timars-klokke eller desimalklokke er ein av mange ulike måtar å måle og kategorisere tida på. Ulike felt som språk, historie, fysikk, teknologi, filosofi og religion påverkar korleis tida blir målt og oppfatta. Korleis ein oppfattar tida, heng saman med dei verdsbilda som finst til kvar ei tid.

Hovudelementet i prosjektet er eit klokketårn i atriet til bygget. Klokka har eit urverk som går etter desimalsystemet i staden for det som seinare er blitt den konvensjonelle måten å måle tid på: 24-timarssystemet. Urskiva viser eit heilt døgn som er delt inn i ti timar; kvar time er delt inn i 100 minutt, og kvart minutt er delt inn i 100 sekund.

Klokka er designa av kunstnaren og produsert i samarbeid med den britiske klokkeprodusenten Smith of Derby, båtbyggar Djupevåg i Norheimsund og klokkemakar Johannes Lavoll i Bergen. Den har fire urverk og fire urskiver i ei klokkekasse kledd med treverk og koparplate på toppen.

Detaljer

Datering

2011

Kunstner

Toril Johannessen

Kategori

Installasjon

Teknikk og materiale

Støpt og sveiset stål og kobberplater med akryl og treverk

Mål


Høyde: 73.5cm
Bredde: 73.5cm
Dybde: 73.5cm

Reference

KORO.006509