Revolutions in Time

Toril Johannessen

 

Om

Johannessen sitt verk er inspirert av historisk banebrytande teoriar om tid og rom, utvikla av Albert Einstein og den franske matematikaren Henri Poincaré rundt førre hundreårsskifte. Den metriske tidsrekninga blei innført i Frankrike etter revolusjonen i 1793, men i motsetnad til andre metriske einingar slo aldri tidsrekninga an, og ein gjekk etter kvart tilbake til romersk tidsrekning.

Johannessen har ei sterk interesse for geologi, astrofysikk og vitskapshistorie, og tek ofte eksplisitt for seg forsking som tema i verka sine. Ved å hente fram ei alternativ tidsrekning viser ho at tid ikkje er ein naturleg storleik, men ein sosial konstruksjon. Dei ni grafiske arbeida undersøkjer på ulike vis tid og historie, og viser mellom anna statistikk over utvalde ord i akademiske journalar. Johannessen har òg sagt at ho ikkje har ønskt å lage kunst som er universell og tidlaus. Datamaterialet i statistikkane blir fort utdatert i den forstand at dei stoppar opp på det tidspunktet prosjektet blei ferdigstilt.

 Historisk Tid består av til sammen 10 verk: et klokketårn med en 10-timers-klokke ute i atriet og en serie på 9 trykk i ankomstområdet til HF-bygget.

Ordet «revolusjon», som er brukt i dette silketrykket, har fleire moglege tydingar. Sett i samanheng med klokka kan det vere ein direkte referanse til den franske revolusjonære klokka og kalenderen; ordet revolusjon kan tyde omdreiing, som i ei omdreiing på uret; det kan òg peike i retning av samfunnsmessige omveltingar eller studentopprør.

Detaljer

Datering

2011

Kunstner

Toril Johannessen

Kategori

Grafikk

Mål


Bredde: 54cm
Høyde: 74cm

Reference

KORO.006510