UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Fakultet for humanoria, samfunnsvitenskap og lærerutdanning

I den rike kunstsamlinga til Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning ved UiT finn vi verk av nokre av dei mest sentrale norske politiske kunstnarane på 1970- og 80-talet.

(uten tittel), Yngvild Fagerheim. Fotograf: KORO/Cathrine Wang

Om prosjektet

Studentane på dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga i Tromsø har ei stor og variert kunstsamling rundt seg i det daglege virket på universitetet. Til opninga av Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning i 1982 blei det kjøpt inn over 50 kunstverk. Samlinga er mangfaldig og samansett; her finn ein måleri, keramikk, tekstil, teikningar, kunsthandverk og skulptur. Eit tyngdepunkt i samlinga er knytt til det nordnorske, med særskilt vekt på det samiske. Det ser ein t.d. i Herleik Kristiansen si teikning Reinflokk og i Johan Rist sine utskorne objekt, som står utstilt i ein monter ved inngangen (Kniv, kaup, beinring, saks, slire og náhppi).

Hovudkunstverket i samlinga er av den norske keramikaren Yngvild Fagerheim (f. 1942). Det integrerte verket har politisk brodd, humor og ei fri, eksperimentell form, og er utført i nært samarbeid med arkitektane. I dei store golvflatene i sentralhallen har ho lagt store, kvadratiske skiferheller og raude, keramiske fliser i eit enkelt, geometrisk mønster. To porselensrelieff som er felt inn i teglveggen, har fått tittelen Vår ære og vår makt, henta frå strofa «Vår ære og vår makt har hvite segl oss brakt» av Bjørnstjerne Bjørnson. I diktet hyllar Bjørnson den norske sjømannen, men i porselensarbeidet til Fagerheim er det Noreg som olje- og krigsnasjon som kjem til uttrykk. Den suverene måten Fagerheim beherskar leira på, bidreg til å viske ut grensene mellom biletkunst og kunsthandverk, og blir eit vitnesbyrd om korleis keramikarar og kunsthandverkarar opparbeida seg ein ny status på 1970-talet – eit resultat av eit fagleg og politisk arbeid som Fagerheim sjølv deltok i.

Willibald Storn (f. 1936) er også sterkt representert i kunstsamlinga. Han var ein av grunnleggjarane av GRAS-gruppa, eit politisk kunstnarkollektiv med felles grafikarverkstad som var toneangjevande på 1970-talet. Storn har eit fabulerande, energisk uttrykk, der vald, krig og kapitalismekritikk inngår i motivkrinsen saman med draumebilete og erotikk. I den eine av to seriar på fakultetet finn vi dei fire bileta (Kloke ord vokser ikke uten trussel), (Rød hest løper raskt hjem), (Stein plukkes for å kastes langt) og (Hoder ruller med i motvind). Her er streken forenkla, og Storn sin karakteristiske bruk av kalligrafi og tekst i bileta er sentrale element. Den andre serien, Rytteren, Krigeren og Dansere, er klassiske Storn-bilete: kraftfulle, fargesterke og ekspressive.

Verd å nemne er også Ola Enstad (1942–2013) sin skulptur Stimen – på vei mot dypet. Spent opp med stålvaierar oppunder taket framfor eit vindauge heng ei rekke froskemenn som miniatyrskulpturar i fritt svev. Froskemannen er eit kjend motiv hjå Enstad; vi finn dei t.d. også i skulpturen Dykkar skulptur på Vaterland i Oslo, som liknar Stimen, berre i større format. I kunsten til Enstad finn ein ofte refleksjonar kring eining og mangfald, det universelle og det individuelle, det subjektive og det ålmenne. Enstad stod bak ei rekke store offentlege kunstprosjekt.

Eit anna viktig innkjøp til fakultetet var Britta Marakatt-Labba (f. 1951) sitt broderi på lin, Kråkene (Garjjat), som omhandlar Sitt ned-aksjonen i Stilla under Alta-aksjonen i 1979. Dette verket er no flytta til Árdna, Senter for samiske studiar, som held til i ein bygning mellom Teorifagbygget og Administrasjonsbygget.

Detaljer

Adresse

Hansine Hansens veg 36, 9019 Tromsø

Fylke

Kunstnere

Yngvild Fagerheim
Anne Marie Vadum
Harald Solberg
Bjørg Heggstad Jakhelln
Ola Enstad
Johan Rist
Yvonne Hjerting
Gunnar Torvund
Arnold Dahlslett
Willibald Storn
Herleik Kristiansen
Britta Marakatt-Labba
Dagfinn Bakke
Ingrid Bodøgaard
Oddvar Løkse
Kristin Aarnes
Thor Erdahl

Ferdigstilt dato

01.05.1985

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm
Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Kajsa Zetterquist
Konrad Mehus

Arkitektkontor

Dalsbøe & Østgaard A/S

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk