Skissene til Edens have av Arne Lindaas frå 1971 er kjøpt inn av KORO og skal bli ein del av kunstprosjektet for nytt regjeringskvartal. Her frå konserveringa av skissene. Foto: Trond Isaksen
Aktuelt

Edens have tilbake til Hammersborg

I 1971 blei det lyst ut eit utsmykkingsoppdrag til dei lange veggflatene under Deichmanske bibliotek og regjeringsbygget på Arne Garborgs plass i Oslo. Kunstnaren Arne Lindaas vann med forslaget Edens have. Veggmåleria er for lengst borte, men skissene hans vender nå tilbake til regjeringskvartalet, over bakken denne gongen.

Mange Oslobuarar har minne om køyreturar gjennom Hammersborgtunnelen og maleria som strekte seg som ei lang frise langs veggane. Motiva, som var måla i kraftige, mørke konturar, førestilte menneske, dyr og natur og var inspirert av heimtraktene til kunstnaren Arne Lindaas (1924–2011).

Nora C. Nerdrum, leiar av kunstseksjonen i KORO og ein av kuratorane for kunstprosjektet til det nye regjeringskvartalet, utdjupar kva betydning kunstverket hadde:

– For mange er kanskje Edens have uløyseleg forbunde med ein del av Oslo som snart høyrer fortida til. Sidan måleria blei fjerna berre få år før angrepet i 2011, vil nok ein del lese verket inn i forteljinga «uskulda som forsvann». Når regjeringskvartalet blir opna for alle om nokre år, er Lindaas si frodige framstilling av paradis erstatta av eit landskap som er planlagt ut frå behovet for omfattande sikkerheit.

Edens have, slik det ein gong så ut i Hammersborgtunnelen i 1980. Gjengitt etter tillatelse frå Oslo kommunes kunstsamling. Foto: ukjend

Edens have kom til som eit resultat av ein konkurranse utlyst av UKS (Unge Kunstneres Samfund) i 1971 etter initiativ frå kunstnaren Inger Sitter (1929 – 2015). Sitter hadde sjølv blitt invitert av arkitekt Erling Viksjø til å lage eit kunstverk til Høgblokka:

– Sitter hadde ein idé om at tunnelen, som nok verka både mørk og menneskefiendtleg, burde bli «redda». Interessant nok blei det allereie i byrjinga tatt til orde for at måleria skulle vere temporære og skiftast ut etter nokre år. Oslo-folk blei ganske snart knytt til verket, og måleria blei verande i tunnelen i nesten 40 år. Det høyrer også med til historia at Lindaas måtte jobbe kveld og natt for å rekke å bli ferdig med måleria før vinteren, og at han sat att med berre 20 000 kroner i honorar, fortel Nerdrum.

Skissene til Edens have hadde ligge lagra på atelieret til Lindaas i mange år. Da dei blei lagt ut på auksjon, blei dei kjøpt av KORO, nettopp med tanke på at dei kunne bli ein del av kunstprosjektet til det nye regjeringskvartalet.

– Historia til regjeringskvartalet har vore viktig for det kuratoriske arbeidet. Skissene til Arne Lindaas er eit av fleire innkjøpte verk som reflekterer forholdet mellom historiske narrativ, politisk vilje og kunstnariske tendensar i tida, seier Nerdrum.

– Allereie i kunststrategien til det nye regjeringskvartalet gav vi uttrykk for at vi ønsker å arbeide ut frå ein heilskapleg samlingstankegang. Den omfattar produksjon og innkjøp av ny kunst så vel som å finne nye plasseringar til eksisterande kunst.

Kurator i kunstprosjektet for nytt regjeringskvartal og leiar av kunstseksjonen i KORO, Nora C. Nerdrum. Foto: Niklas Hart

Skissene har det same uttrykket som prega dei opphavlege måleria. Men i tillegg til dei sterke konturane er skissene fylt av sterke, klare fargar i gult, grønt og blått. Fargane og strekane er godt bevart sjølv etter meir enn 50 år. Lindaas teikna med tusj og måla med gouache. Materialbruken speglar at verket var tenkt som noko midlertidig, og papiret han brukte, var ikkje opphavleg meint for kunstverk. Enkelte stader skin tekst og teikningar trykt på framsida svakt gjennom motiva. Skissene blei så limt på kartong og til slutt spikra fast på treplankar.

Skissene er godt bevart, trass i enkle materiale og at dei har ligge lagra i årevis, fortel Caroline Søgaard i kunstforvaltninga til KORO. Ho er papirkonservator og har utført konserveringsarbeidet på Edens have:

– Med tanke på at verket opphavleg er laga som ei skisse og at kvaliteten på materiala er heilt ordinær, vil eg seie at skissene var i relativt god stand da dei kom til oss. Overflata hadde ein del støv og smuss. Nokre stader var papiret gulna med nokre sprø og lause delar, men elles var motiva synlege og materiala godt bevarte.

Papiret blir forsiktig reinsa med ein tørr liten svamp, eit vrient arbeid når kvar skissedel er over to meter lang. Foto: Trond Isaksen

Kva gjorde du med papirarbeidet?

– Eg børsta heile verket med ein stor, fin pensel. Treplankane blei også børsta fri for støv. Så fjerna eg lause spikrar, sidan nokre hadde rusta litt, og reinsa skissene med ein tørr reinsesvamp som vi bruker i papirkonservering. Den er skånsam mot papirfibrane men samstundes veldig effektiv.

Til sist blei lause papirdelar festa med eit lim laga på kveitestivelse og vatn, som ikkje skadar eller misfargar papiret. Behandlinga er reversibel, som betyr at limet kan fjernast viss det blir nødvendig:

Fordi kunstverket opphavleg er ei skisse, vil vi også bevare det som ei skisse. Vi valde å ikkje gjere store inngrep for å få papiret lysare eller fjerne materiale som vi normalt ikkje vil ha saman med noko så skjørt som eit arbeid på papir. Vi har også foreløpig valt å behalde treplankane som verket er festa til, fordi dei held kartongen stabil, og fordi papiret, som er tynt og ikkje av den beste kvaliteten, er festa til kartongen.

Skissene er prega av detaljar og sterke fargar. Paradiset er skildra med dyr, fuglar, planter og menneske. Utsnittet viser spor av korleis Lindaas monterte teikningane. Foto: Trond Isaksen

Det er ikkje gjort noko større konservering av Edens have sjølv om det er meir enn 50 år sidan Lindaas teikna det. Kvifor ikkje?

– Konserveringsarbeid inneheld alltid ei vurdering av kor langt ein skal gå med ulike behandlingsmetodar. I nokre tilfelle, som her, kan det å separere eller fjerne materiale gjere større skade. Dette verket skal i størst mogleg grad få vere slik det er, og slik kunstnaren hadde tenkt det skulle vere, seier Søgaard.

Midt i Edens have finn vi Eva, slangen og eplet. Bildet viser eit utsnitt. Foto: Trond Isaksen

Vil skissene bli offentleg tilgjengelege, slik Edens have var ein gong i tida?

– Det er enda ikkje bestemt kor dei skal henge. Vi i kuratorgruppa ønsker sjølvsagt at dei skal vere tilgjengelege for flest mogleg, men vi må ta tilstanden til skissene med i vurderinga. Arbeid på papir toler mindre lys, så det er eit omsyn vi må ta, avsluttar Nora C. Nerdrum.

Arne Lindaas (1924-2011) og Edens Have

  • norsk kunstnar og designar
  • begynte i keramikklassa ved SHKS, Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo i 1943
  • lærte grafiske teknikkar ved å studere i litografiklassene ved skulen
  • tilsett hjå Magnor Glassverk som den første designaren deira mellom 1949 og 1951 og seinare på 1960- og 70-talet
  • vann konkurransen om offentleg utsmykking under regjeringskvartalet på Arne Garborgs plass. Konkurransen blei lyst ut av UKS (Unge Kunstneres Samfund) for Oslo kommune
  • Edens have kunne ein sjå i Hammersborgtunnelen frå 1972 til 2009, da det blei fjerna for godt

Kunstprosjekt for nytt regjeringskvartal

Kunstprosjektet til det nye regjeringskvartalet er det største oppdraget KORO nokosinne har hatt. Dei største kunstverka vil vere offentleg tilgjengelege, synlege utanfra eller vere utandørs.

Eksisterande kunstverk som Grass Roots Square av Do Ho Suh er blitt konservert og skal monterast på ein ny stad. Eit eldre kunstverk av Irma Salo Jæger som blei laga for eit anna bygg, skal få ny plassering.

Nokre av dei nye kunstprosjekta er Outi Pieskis AAhkA i A-blokk og Jumana Mannas monumentale uteromsprosjekt for bygulvet, Substitute.

Våren 2024 inviterer KORO til ei ope prekvalifisering følgt av skissekonkurranse og direkte oppdrag for kunst til utvalde veggflater i A- og D-blokkene.

Regjeringskvartalet skal byggast i fleire trinn, og dermed vil dei fleste kunstverka bli tilgjengelege først om nokre år. Du kan lese meir om planane for kunsten på prosjektsida.