LOK
I forlenginga av eit verk laga til biennalen i Lagos vinteren 2024 skal det settast opp ein tekstilinstallasjon i Oslo rådhus i 2025. Kunstprosjektet re-(t)exHile / Oslo er initiert av Martinka Bobrikova og får både middel og produksjonsbistand frå KORO. Prosjektet er ein respons på mengda av tekstilavfall som blir sendt frå Vesten til afrikanske land, ein konsekvens av hurtigmote, konsum og overproduksjon. Foto: Martinka BobrikovaI
Aktuelt

Spørsmål og svar om LOK

I desse dagar lyser KORO ut middel til kunstproduksjon i offentlege rom. Kva er forskjellen mellom prosjekt og forprosjekt, og kva inneber det at KORO bidrar med kuratorbistand? Få svar på spørsmål du måtte ha om Lokalsamfunnsordninga (LOK).

LOK er ei søkbar tilskotsordning som skal stimulere til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom over heile landet. Gjennom LOK ønsker KORO å styrke samarbeidet med kunst- og kunstnarmiljø i regionane, kommunane og fylkeskommunane.

Bo Krister Wallström (kurator/seniorrådgivar) og Truls Ramberg (kurator) leier LOK-ordninga i KORO. Mens Truls har særleg ansvar for rådgiving til aktørar i fylkes- og kommunesektoren, gir Bo råd til kunstnarar og har ansvar for produksjonsbistand.

I forbindelse med LOK-utlysinga 2025 kjem dei her med tips, råd og svar på spørsmål du som søkar måtte ha – eller ikkje visste at du hadde. Dei vil også halde eit digitalt møte for interesserte søkarar torsdag 12. desember kl. 10.00–11.00.

LOK 2025: Søk prosjektstøtte og produksjonsbistand

Kva er forskjellen mellom prosjekt og forprosjekt?

– Eit prosjekt er ein meir eller mindre ferdig utvikla idé kor støtta går til sjølve gjennomføringa. Viss du har komme kort i utviklinga av ideen, eller har behov for å knyte til deg fleire samarbeidspartnarar, kan du søke om middel til eit forprosjekt. Eit forprosjekt gjer det mogleg for deg å utvikle eit prosjekt konseptuelt, jobbe med samarbeidspartnarar og kartlegge alt som må undersøkast og prøvast ut i forkant av eit kunstprosjekt.   

– Maksbeløpet du kan få til eit forprosjekt, er 100 000 kroner. Dersom du får tildelt middel til eit forprosjekt, betyr ikkje dette at du automatisk får prosjektstøtte i neste runde. Du kan heller ikkje søke om både forprosjektstøtte og prosjektstøtte til same prosjekt i same søknadsrunde.  

Kva inneber det å søke om bistand frå produsent og kurator frå KORO? 

– Du kan søke om bistand til kuratering og produksjon frå KORO til både forprosjekt og prosjekt. Da går vi inn med fagleg og praktisk hjelp for å trygge og sikre gjennomføringa av eit prosjekt. Prosjekt kan ha ulik kompleksitet, tryggingsbehov og politisk sensitivitet i møte med ein offentlegheit. Det kan vere snakk om juridiske og tekniske aspekt og anna vi ikkje kan krevje at ein kunstnar skal ha kunnskap om. Vi skal vere ein støttefunksjon i møte med offentlegheita, som kan vere eit komplekst rom å vere i som kunstnar. 

– Vi ser etter kunstnarisk viktige prosjekt som vi tenker vi kan sikre og eventuelt lyfte. Vi bidrog fagleg og kuratorisk til årets Masahat-festival, og nå jobbar vi med ei kunstnargruppe og prosjektet re-(t)exHile / Oslo, ein tekstilinstallasjon som skal settast opp i Oslo rådhus. Solspeilet på Rjukan og Still Life i Finnmark er eksempel kor vi jobba med teknisk bistand og kontakt med lokalsamfunna. Det er ikkje avgjort i forkant kor mange søkarar som får innvilga bistand til kuratering og produksjon; vi vurderer talet på søkarar opp mot ressursane til KORO.

Masahat-festivalen 2024 fekk mellom anna produksjonsbistand og økonomisk støtte gjennom LOK-ordninga til produksjonen av Song of Anemones. Det utandørs sørgekarnevalet av den syriske scenekunstnaren Farah Azrak blei vist på ei markering for Palestina på Eidsvolls plass i Oslo i september 2024. Foto: Elisa Bates/Masahat.

Kva ønsker KORO å stimulere med kunnskaps- og kompetanseutviklingstiltak?

– Kunst i offentlege rom er eit eige fagfelt. Vi treng å utveksle kunnskap og erfaringar om både det kunstnariske og det praktiske. Vi støttar store og små initiativ, alt frå seminar og publikasjonar til konferansar og andre tiltak som bidrar til å styrke feltet. I år støtta vi mellom anna Bodø kommune sin konferanse Attraktive Arktis for å utforske korleis kunst kan skape attraktive byrom i byar som normalt har låg eller negativ demografisk utvikling. Her var KORO også inne som samarbeidspartnar. 

Er det spesifikke søknadskriterium for kommunar og fylkeskommunar?

– Kommunar og fylkeskommunar må vise til kunstfagleg kompetanse i prosjektet, og alle kunstnarane og kunstkonsulentane må bli lønte i tråd med retningslinjene for dette. Ein kan bruke Oppdragsportalen for å finne folk eller vende seg til kunstsenter eller lokale kunstnarar. Involver kunstkompetansen tidleg for å utforme, utvikle og skrive om prosjekta. Det er kvaliteten på kunstprosjektet vi ser etter.  

Korleis kan KORO brukast som ein ressurs i sjølve søknadsprosessen?

– Har du spørsmål du ikkje finn svar på på nettsida vår, så ta kontakt med ein av oss. Gjerne på e-post og helst i god tid før søknadsfristen. Vi kjem også til å halde eit ope digitalt møte for interesserte søkarar 12. desember kl. 10.00, kor vi svarer på spørsmål. Møtelenke blir lagt ut på koro.no i forkant. 

– Når det gjeld sjølve søknaden, så skriv enkelt og presist! Få fram det vesentlege i den korte skildringa av prosjektet; det er i denne teksten vi ser om eit prosjekt er interessant eller ikkje.

Har du fleire spørsmål om LOK? Finn ofte stilte spørsmål nedst på denne sida.