HVL Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund

Kunst av Robel Temesgen er no blitt ein sentral del av den nye bygninga til HVL Campus Haugesund. Kunstverka er laga spesielt for bygget og knyter mellom anna Haugesund si historie saman med aktivitetane på Høgskulen.

Om prosjektet

Den nye bygninga, som opna og tok i mot nye studenytar hausten 2026, er laga av berekraftige materiale, og spesielt dei indre konstruksjonane er laga av massivt tre, noko som bidrar til at romma har ei varm og strukturell openheit. I dialog med kunstutvalet har KORO sin kurator Joen Vedel peika ut to stader som mest eigna for kunstprosjektet, det såkalla Hjerterommet og auditoriet.

Hjerterommet er ein open trappeoppgang frå 1. til 3. etasje med takvindauge i toppen og sosiale soner på tvers av alle dei tre etasjane. Søyler, trapper, vegger, golv og tak er alle laga av tre, som bind bygningen saman. Kvar etasje vil representere ulike fag og aktivitetar. 1. etasje er for maritim utdanning, 2. etasje er for helsefag og i 3. etasje finn ein seminaravdelinga, fellesrom og lærararbeidsplassar. Auditoriet ligg i 1. etasje og vil ha sitteplass til 160 personar.

Kunstnar Robel Temesgen (f.1987) blei spurd om å gjere eit direkte oppdrag med permanent og stads spesifikk kunst for den nye bygninga. Han har laga ei serie store veggmåleri som er utført direkte på utsida av trappeløpet gjennom kvar etasje i Hjerterommet. I måleria har han latt seg inspirere av Haugesund si rike historie, som i generasjonar har hatt et nært forhold til Nordsjøen og sundet gjennom fiskeindustri og båtbygging. Denne delen av historia kjem til uttrykk i symbol og motiv over alt gjennom etasjane.

Til auditoriet i 1. etasje har han laga ein vegginstallasjon med over 1000 handlaga bøker i ulike storleiker. Desse bøkene er ikkje meint til å lesast, men heller forståast som symbol på læring og kunnskap. Temesgen starta arbeidet på skulen våren 2026, og arbeidde på staden sommaren 2026.

I sin kunstnariske praksis fokuserer Temesgen på det materielle, åndelege og økologiske forholdet mellom mennesket og vatn. Han avslutta våren 2026 sitt kunstnariske doktorgradsarbeid ved Kunsthøgskolen i Oslo, KHiO.

I tillegg til det nye bygget skal eksisterande bygg renoverast. Dette vil bli del to av kunstprosjektet.  Kunstplanar og informasjon vil komme på eit seinare tidspunkt. Rehabiliteringa skal vere klar hausten 2027.

 

Detaljer

Adresse

Bjørnsons gate 45, 5528 Haugesund

Fylke

Rogaland

Kunstner

Robel Temesgen

Ferdigstilt dato

20.08.2026

Prosjektleder

Maj Liv Holen , KORO

Kurator

Joen Vedel , KORO

Formidling

Ann-Lisbeth Hemmingsen , KORO

Kunstforvaltning

Caroline Marie Søgaard , KORO

Byggherre

Statsbygg

Arkitektkontor

HOLON Arkitektur

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Lukk