Interior Landscape

Robel Temesgen

Om

Kunstverket tar element frå naturen rundt Haugesund med inn i hjartet av skulen. Trappa og takvindauget er inspirerte av åsar, hav, stein og vegetasjon og blir forvandla til eit eige landskap av organiske former og linjer. 

På avstand minner dei overlappande formene om øyer, horisontar og skiftande terreng. På nært hald ser ein at dei intrikate teikningane har referansar til dei maritime og helsevitskaplege faga ved skulen. Slik blir det skapt ein forbindelse til landskapa som har forma identiteten til regionen. 

Når organiske former blir innlemma i arkitekturen, som er definert av struktur og geometri, blir tilskodaren oppmoda til å bevege seg mellom fjerne perspektiv og nær observasjon og oppdage nye samanhengar mellom landskap, læring og ei kjensle av tilhøyrsel. 

Kunstverket er laga spesielt for HVL og er måla på staden av kunstnaren med hjelp frå Kebreab Demeke. 

Detaljer

Datering

2026

Kunstner

Robel Temesgen

Kategori

Akrylmaling, Maleri

Teknikk og materiale

Akrylmaling på trevegger

Mål


Areal: 125m2

Reference

KORO.009317

Lukk