UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Institutt for lærerutdanning og pedagogikk (ILP)

Bygningen som lærarstudentane ved Universitetet i Tromsø held til i, er blitt renovert fleire gonger. Det har resultert i tre kunstprosjekt initiert i kvart sitt tiår.

Tavler (trekant), Terje Roalkvam. Fotograf: KORO/Fredrik Qvale

Om prosjektet

Instituttet for lærarutdanning og pedagogikk held til i ein stram, funksjonalistisk bygning frå 1952 som ligg sentralt på campusområdet. Tidleg på 1990-talet blei kunstnaren Terje Roalkvam invitert til å lage eit nytt kunstverk til instituttet. Roalkvam nytta høvet til å lage ein serie med veggskulpturar som tek utgangspunkt i grunnformene kvadrat, trekant og sirkel. Den enkle tittelen serien har fått, Tavle, sender tankane til steintavler frå antikke skriftkulturar så vel som krittavla til læraren.

Roalkvam nyttar eit spekter av ulike materiale og lèt dei spele mot kvarandre: Her finn vi hard bølgjeblekk mot mjuk oksehud, og vi finn skifer og larvikitt mot ubehandla stål og blank, rustfri stål. Verka fyller fleire etasjar, og kvar komposisjon glir inn i ein større heilskap som går i dialog med kvalitetane og eigenskapane til den stilreine bygningen frå 1952. Roalkvam er utdanna grafikar og målar frå Warszawa, men har lenge konsentrert seg om skulpturar og objekt i sitt kunstnariske arbeid.

Tavle stod ferdig i 1995, og er det andre kunstverket som kom på plass på instituttet. Finn Alsos sitt keramikkverk frå 1991 kan du lese om her her, og Inge van der Drift sine skulpturar frå 2001 kan du lese om her.

Detaljer

Adresse

Mellomvegen 110, 9037 Tromsø

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstner

Terje Roalkvam

Ferdigstilt dato

01.11.1995

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm
Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Hilde Hauan Johnsen , Tromsøgruppen
Per Kleiva , Tromsøgruppen
Geir Stormoen , Tromsøgruppen
Oddvar Løkse , Tromsøgruppen

Arkitektkontor

MNAL Terje Jacobsen

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk