UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Institutt for lærerutdanning og pedagogikk (ILP)

Bygningen som lærarstudentane ved Universitetet i Tromsø held til i, er blitt renovert fleire gonger. Det har resultert i tre kunstprosjekt initiert i kvart sitt tiår.

Institutt for lærerutdanning og pedagogikk, UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø. Fotograf: Kjell Ove Storvik

Om prosjektet

Instituttet for lærarutdanning og pedagogikk held til i ein stram, funksjonalistisk bygning frå 1952 som ligg sentralt på campusområdet. I vrimlearealet til eit nybygg heng Inge van der Drift sine skulpturar frå 2001. Inge van der Drift er kjend for å arbeide med kontrastfylte og overraskande materiale. Alt frå stein til fjær har ho nytta i kunstprosjekta sine, som held til i eit grenseland mellom kunsthandverk og biletkunst.

Kunstverket ho har laga til lærarutdanningsinstituttet, er ikkje noko unntak: Det består av fem objekt av hønsenetting som er blitt lodda saman. Dei lette, luftige objekta bular ut frå veggflata i ulike storleikar, som gir ei oppleving av at dei er i stadig forandring. På eit stillfarande vis gjev dei assosiasjonar til noko organisk, til planter eller biologiske organismar. Tittelen på verket er Et sted å være 2.

Inge van der Drift er fødd i Nederland, men bur og har sitt kunstnariske virke i Noreg.

Et godt sted å være er det førebels siste av tre kunstprosjekt som er laga til Instituttet for lærarutdanning og pedagogikk ved Universitetet i Tromsø. Dei to andre kunstverka er Finn Alsos sitt keramikkverk frå 1991, som du kan lese om her her, og Terje Roalkvam sine veggskulpturar, som du kan lese om her.

Detaljer

Adresse

Mellomvegen 110 , 9006 Tromsø

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstner

Inge van der Drift

Ferdigstilt dato

01.01.2001

Prosjektansvarlig

Heidi Ramsvik

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Solveig Elisabeth Ovanger

Arkitektkontor

Sigurd Hamran arkitekter as

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk