UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Institutt for lærerutdanning og pedagogikk (ILP)

Bygningen som lærarstudentane ved Universitetet i Tromsø held til i, er blitt renovert fleire gonger. Det har resultert i tre kunstprosjekt initiert i kvart sitt tiår.

Lærer - skal jeg fortelle deg noe...?, Finn Erik Alsos. Fotograf: KORO/Fredrik Qvale

Om prosjektet

Instituttet for lærarutdanning og pedagogikk held til i ein stram, funksjonalistisk bygning frå 1952 som ligg sentralt på campusområdet. Det første kunstverket frå KORO som kom til instituttet då det blei oppretta, er eit stort keramisk arbeid med sinnrik detaljrikdom, leikne figurar og frodige fargar, laga av keramikaren Finn Alsos (1946–2015).

Alsos gjekk grundig til verks då han fekk oppdraget i 1989. Det første han gjorde, var å gjere det han kalla ei antropologisk undersøking av det indre livet på staden. Han oppheldt seg på instituttet i lange periodar, og sette seg godt inn i dei faglege grunnprinsippa i pedagogikken. Kunstverket, som fekk tittelen Lærer – skal jeg fortelle deg noe …, brukte han meir enn to år på å fullføre, og det ber tydeleg preg av den grundige tilnærminga til oppdraget. Studentane på instituttet skal jobbe med skuleelevar etter studia, og det monumentale veggarbeidet er eit forsøk på å visualisere det kroppslege, verbale, sanselege ved barn sin måte å leike på, og fantasiane og rørslene ein finn hos ungar.

Alsos var opptatt av korleis åtferda til barn gjerne er utan mål og meining, og korleis denne leikne tilnærminga til livet ofte står i kontrast til dei institusjonaliserte metodane ein finn i pedagogikkfaget. Verket består av glaserte og uglaserte fliser som er mura på veggen. Flisene har ein overdådig detaljrikdom: Her finn vi gyngehestar og menneske som går med fiskar i band, hundar, kattar og tresko, ei sol og ein måne med auge, spelande fiolinar, høner og hus om kvarandre. Fargespelet, med hovudvekt på nyansar i rosa og fiolett, gult og varmt gyllent, lyseblått og mosegrønt, gir verket djupleik og perspektiv. I ytterkantane er det geometriske mønster som gir assosiasjonar til mosaikk.

Finn Alsos blei fødd på Andenes i 1946. Han tok keramikkutdanninga si i Polen og Istanbul, og det er sagt at arbeida hans har noko frodig og unorsk ved seg. Dei ber i seg impulsar både frå folkekunst frå heile verda og frå forteljartradisjonar i den nordnorske kystkulturen.

Nokre år seinare, mellom 1990 og 1995, blei kunstnaren Terje Roalkvam invitert til å lage eit nytt kunstverk til instituttet. Les meir her. I vrimlearealet til eit nybygg heng Inge van der Drift sine skulpturar frå 2001. Les meir om desse her.

Detaljer

Adresse

Mellomvegen 110, 9037 Tromsø

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstner

Finn Erik Alsos

Ferdigstilt dato

26.11.1991

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva , Tromsøgruppen
Hilde Hauan Johnsen , Tromsøgruppen
Oddvar Løkse , Tromsøgruppen
Geir Stormoen , Tromsøgruppen

Arkitektkontor

MNAL Terje Jacobsen

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk