Stormen kulturkvartal, Bodø

Kunstverka i det nye kulturkvartalet i Bodø, Stormen, er inspirert av eventyret om Oskeladden som lagar noko nytt av alt det rare han finn på vegen. Det er òg noko eventyrleg over det nye signaturbygget i byen, kor publikum kan få kulturelle opplevingar, høyre lokale stemmer frå nær fortid og bli sungne for av ein stor stein.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Stor­men kul­turk­var­tal, Bo­dø

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • eventyrsteinen, A K Dolven. Fotograf: Thierry Bal
  • bodøstemmer 2014, A K Dolven. Fotograf: Thierry Bal
  • bodøstemmer 2014, A K Dolven. Fotograf: Thierry Bal
  • change my way of seeing seeing is about thinking, A K Dolven. Fotograf: Thierry Bal
  • Stormen, Kulturkvartalet i Bodø. Fotograf: Ernst Furuhatt
  • skrapa komager, A K Dolven. Fotograf: Thierry Bal
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Det nye kulturkvartalet i Bodø, Stormen, opna offisielt i november 2014. Bygget er reist på ein parkeringsplass sentralt i byen, nær kaia, eit slags ingenmannsland som i løpet av tre år med intens bygging er blitt til eit ambisiøst kultursentrum. Stormen består av to bygningar: I den eine er det tre teater- og konsertsalar; den andre rommar eit moderne bibliotek med kafear og utstillingslokale. Gatene rundt er pussa opp, og eit nytt fisketorg er på plass. Nybygga bidreg til å stramme opp og urbanisere heile sentrumsområdet.

Stormen er blant dei største regionale kulturbyggprosjekta som er realisert dei siste åra, og slik Kilden i Kristiansand er eit viktig signaturbygg for Sørlandet, kan det nye kulturhuset i Bodø bli eit viktig bygg for Nord-Noreg. Kunstutvalet har lagt vekt på at det må vere rom for tvilande, modig og utprøvande kunst i eit kulturhus. Dei har òg ynskt seg kunst knytt til nærmiljøet. Etter ei internasjonal kvalifisering, følgt av ein internasjonal konkurranse, fall valet på A K Dolven sitt forslag, jeg fant jeg fant – alt er ikke slik du tror det er ser du.

Verket er i fire delar. I Storgata, ned mot hamna, står ein 18 meter høg skulptur inspirert av lysstolpen ein finn på så mange kaikantar i Nord-Noreg. Lyset fra skulpturen er retta mot ein pedal på bakken. Når denne vert aktivert strøymer lyden av stemmer fra befolkninga i Bodø i 2014 ut av ein høgtalar i toppen.

I eit stor ope rom i kulturhuset sender 272 måleri i same formatet tankane til både det nordnorske landskapsmåleriet og den modernistiske tradisjonen. Med nokre få unntak er måleria haldne i ein dus palett som gir inntrykk av at lyset kjem innanfrå. Ein stein på nitten tonn, opphavleg funnen i fjæra, er plassert under bileta. Verket set i scene eit stille landskap med open himmel.

I atriet i barnebiblioteket har ein annan granittstein fått plass. Frå steinen kan ein høyre samiske segner og eventyr frå Nord-Noreg, og mellom eventyra blir det spelt ein gamal samisk joik.

Det siste verket heng i hovudbiblioteket: eit over 20 kvadratmeter stort fotografi som er forstørra, overført til lerret og plassert i ein lysboks. skrapa komager viser eit eldre par frå Nordland, og på det gamle familiefotografiet er det samiske fottøyet mannen har på seg skrapa bort. Verket er eit samarbeid med kunstnaren Rune Johansen.

Alle delane av Dolven sitt prosjekt spelar på det som er funne: funne stemmer, funne lys, funne stein, funne fotografi og funne historier. Objekta er lokalt forankra og har ei poetisk og undersøkande tilnærming til korleis vi stiller oss til fortida, forfedrane våre, kultur, lys og natur. Slik Oskeladden heile tida omdefinerer kjende og sjølvsagte gjenstandar, blir publikum utfordra til å tenke nytt kring velkjende kategoriar i møtet med kunsten til Dolven.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Storgt. 1b, 8006 Bodø

Kunstner
Ferdigstilt dato

03.02.2015

Prosjektansvarlig

Janicke Iversen
Dag Wiersholm
Mari Aarre

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Arne Rygg
Ellen Sæthre-McGuirk

Arkitektkontor

DRDH Architects Ltd, London

Byggherre

Bodø kommune

Mottakerinstans

Bodø kommune

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til andre oppdrag

Kunstverk

Kunstverk

Relatert innhold

Del dette prosjektet