
Seminar: Bli kjend med kunsten i det nye regjeringskvartalet
Møt kunstnarene og kuratorene som jobbar med kunsten i det nye regjeringkvartalet. Seminaret er gratis og opent for alle – hjarteleg velkommen!
Tid: 9. oktober 2025 kl.11.00-15.30
Stad: Litteraturhuset, Wergelandsveien, Oslo
Seminaret har plass til 200 og er gratis, påmelding grunna servering.
KORO inviterer til seminar om kunstprosjekta i det nye regjeringskvartalet – eit særs viktig område både på grunn av si konstitusjonelle rolle og den sentrale plasseringa i hjarta av hovudstaden. Dette er det mest omfattande kunstprosjekt til KORO nokon sinne.
Det store arbeidet med kunstprosjekta starta for fullt i 2021, og 2025 er ei intensiv og spanande tid der dei store, offentlege kunstverka vert montert og ferdiggjorde. Våren 2026 vil departementa og regjeringa flytte inn i delar av det nye regjeringskvartalet og området vert delvis offentleg for alle.
Kuratorane vil fortelje om det kuratoriske og kunstnariske arbeidet gjennom fem år; korleis dei har tenkt kring nyproduksjon av store, permanente kunstverk; nye innkjøp og rekuratering av dei eksisterande verka.
Eit utval av dei månge kunstnarane i prosjektet vil delta og fortelje om verka sine, og dele erfaringar og refleksjonar frå arbeidet.
Ein vil óg få høyre refleksjonar kring arbeidet med å etablere ei kunstsamling i sentrum av makta. Kva betyr det å arbeide med kunst i eit prosjekt av denne storleiken og med så stor offentleg tyding?
Bidragsytarar: Kunstnarane Jumana Manna, Outi Pieski*, Damla Kilickiran og Mari Slaattelid, kuratorteamet for nytt regjeringskvartal Nora Ceciliedatter Nerdrum, Helga-Marie Nordby, Drew Snyder – med fleire. *Pieski er med på videolink.
Fullstendig program vert lagt ut seinare.
Seminaret vil vere på norsk og engelsk.
Arrangementet blir strøyma og kan sjåast på KORO sin nettstad i ettertid.
Les her om tilgjengelegheit på Litteraturhuset.
PROGRAM (førebels)
11.00: Dørene opnar, enkel servering
11.30: Direktør i KORO Øystein Strand ønsker velkomen
11.45-13.15:
Nora C. Nerdrum, sjefskurator og seksjonsleiar i KORO, vil snakke om den store oppgåva det er å byggje ei kunstsamling for regjeringskvartalet, ei samling som vil bestå av både eldre verk, innkjøp og nye produksjonar.
Seniorkurator i KORO, Drew Snyder, går nærare inn på dei nye, integrerte verka til Damla Kilickiran, Jumana Manna og Outi Pieski, før dei tre kunstnarane sjølv presenterer og samtalar om sine prosjekt.
13.15: Pause og enkel servering
13.45-15.30:
Michelle Tisdel, sosialantropolog og forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, startar den andre delen av seminaret med sitt foredrag Art as Heritage: Contact Zones and the Symbolic Landscape.
Nora C. Nerdrum: To hundre kunstnere, tredve skisser, fire vegger: kunst til departementenes inngangspartier
Nerdrum vil fortelje meir om kunsten i inngangspartia i dei nye departementsbygga, der mellom anna Mari Slaattelid er i gang med å måle rett på vegg. Møt Slaattelid i samtale med Drew Snyder om kunstnariske arbeid in situ (på stedet) i regjeringskvartalet.
Eivind Hofstad Evjemo er medredaktør for boka Her lå en dam (arbeidstittel), som kjem ut på Cappelen Damm i 2026. Evjemo vil presentere antologien, som gjennom tekst og biletkunst skildrar bydelen Hammersborg, der regjeringskvartalet byggjast. To av bidragsytarane til boka, Gine Cornelia Pedersen og Priya Bains, vil lese utdrag frå boka.
Parken som kunstrom er tema for Helga-Marie Nordby, kurator i KORO, som reflekterer rundt arbeidet med kunst til den nye regjeringsparken, som skal opne for publikum i 2029.
15.30: Avslutning og mingling
Relaterte saker:
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.