UiB Universitetet i Bergen, bygg for biologiske basalfag

Kunstsamlinga ved Bygg for biologiske basalfag inkluderer fotokunst, hageanlegg, tekstilkunst, akrylmåleri, glasmåleri og ein interaktiv lydinstallasjon.

 

Om prosjektet

Fotografi utgjer ein stor del av kunstsamlinga i bygget. Tom Sandbergs tre verk i svart-kvitt har alle element av abstraksjon med utgangspunkt i naturlege former. Til dømes viser det nesten tre meter breie verket Uten tittel (Hode på stranden) (1996) eit spedbarn som er fotografert liggjande med andletet ned i underlaget, slik at den runde hovudforma tronar monumentalt i rommet som ei skulpturell, abstrakt form. Samtidig trer små detaljar i kroppen og kleda tydeleg fram. Den enkle scena blir eit bilete på den utsette eksistensen til mennesket.

Andre fotografiske verk i samlinga er Undo #1, #3 og #5 (2003) av Vibeke Tandberg og fem foto frå John Coplans’ serie Self Portrait Crossed Fingers (1999).

Natasha Barretts interaktive lydinstallasjon Adsonore (2003) tar opp lydar frå trappetårnet i bygget. Eit dataprogram responderer på lyd, nokre gongar ved å lage ekko, andre gongar ved å setje i gang ein lydleg prosess som fyller heile tårnet. Verket er inspirert av det menneskelege immunsystemet.

Inne i biologibygget finn ein også to tekstilverk av Kari Dyrdal med titlane Aleppo I og II, Arne H. Malmedals verk Uten tittel – komposisjon med 6 farger (2002) i laminert og sandblåse glas samt ein serie av fem akrylmåleri av Therese Christensen: Vintersuite I–IV (2001–2003).

I uteområda har Shunmyo Masuno skapt to japanske hagar: SEIGEN-tei (1) og (2). Tittelen betyr ifølgje kunstnaren sjølv: «garden of tranquility and rigor to express nature of Norway». Hagane er bygd opp av betong, ulike typar stein, grus, vasspeglar, furutre og diverse annan vegetasjon.

Lydinstallasjonen Adsonore av Natasha Barrett har i ettertid blitt teken ned.

Detaljer

Adresse

Jonas Lies vei 91

Kunstnere

Vibeke Tandberg
Tom Sandberg
Shunmyo Masuno
Arne H. Malmedal
John Coplans
Therese Christensen
Natasha Barrett
Kari Dyrdal

Ferdigstilt dato

01.04.2009

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Gerd Tinglum
Jon Ove Steihaug

Arkitektkontor

Narud Stokke Wiig AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk