Instituttet for lærarutdanning og pedagogikk held til i ein stram, funksjonalistisk bygning frå 1952 som ligg sentralt på campusområdet. I vrimlearealet til eit nybygg heng Inge van der Drift sine skulpturar frå 2001. Inge van der Drift er kjend for å arbeide med kontrastfylte og overraskande materiale. Alt frå stein til fjær har ho nytta i kunstprosjekta sine, som held til i eit grenseland mellom kunsthandverk og biletkunst.
Kunstverket ho har laga til lærarutdanningsinstituttet, er ikkje noko unntak: Det består av fem objekt av hønsenetting som er blitt lodda saman. Dei lette, luftige objekta bular ut frå veggflata i ulike storleikar, som gir ei oppleving av at dei er i stadig forandring. På eit stillfarande vis gjev dei assosiasjonar til noko organisk, til planter eller biologiske organismar. Tittelen på verket er Et sted å være 2.
Inge van der Drift er fødd i Nederland, men bur og har sitt kunstnariske virke i Noreg.
Et godt sted å være er det førebels siste av tre kunstprosjekt som er laga til Instituttet for lærarutdanning og pedagogikk ved Universitetet i Tromsø. Dei to andre kunstverka er Finn Alsos sitt keramikkverk frå 1991, som du kan lese om her her, og Terje Roalkvam sine veggskulpturar, som du kan lese om her.