SALT er ein omreisande kunst-, mat-, musikk-, teater- og saunafestival – og eit miljøprosjekt. Det særeigne prosjektet opna i 2014, på Sandhornøya i Nordland, og fekk stor internasjonal merksemd. The Guardian skildra SALT som eit av dei mest spanande utandørsprosjekta i Europa. Festivalen skal halde til på den to kilometer lange sandstranda Langsand fram til 2016. Deretter går turen vidare til Grønland, Island, Færøyane, Alaska og Russland. Prosjektet ønskjer å vise fram kyst- og nomadekulturen i Arktis, der miljøet er trua av klimaendringar og ressursutvinninga av olje og mineral, og skape medvit om klimaet på ein ny måte.
Yang Fudong sitt kunstprosjekt var filminstallasjonen The Light That I Feel. Åtte filmar på til saman åtti minutt vart synt fram i videoboksar. Sju av dei var plassert i ein 150 meter lang fiskehjellkonstruksjon, mens den åttande var montert på pålar utanfor. Filmane vart laga i området rundt Sandhornøya i løpet av ti dagar, med lokale skodespelarar og dansarar. Fudong arbeider intuitivt og utan manus, og filmane, poetiske og personlege utforskingar av det norsknorske landskapet, vart til i dialog med aktørane og landskapet. Vêret og gjestfridommen til øybuarane påverka også det endelege resultatet.
Dei åtte filmane vart projisert på pleksiglas, slik at dei i mørket også var synlege frå utsida av fiskehjellen. Dei sju videoboksane på innsida var meint å spegle Karlsvogna, den kanskje mest kjente stjernehopen på himmelen. Den åttande boksen på utsida skulle representere Nordstjerna.