Statens hus i Longyearbyen, Svalbard

Kunstnaren Randi Nygård har lenge vore interessert i økologiske og miljømessige forhold i nordområda. Etter ei rekke tverrfaglege ekspedisjonar til blant anna Ny-Ålesund på Svalbard har undersøkingar innan økologi og klima blitt eit sentralt omdreiingspunkt i kunstnarskapen. Til Statens Hus i Longyearbyen har ho utvikla stadspesifikke verk basert på denne tematikken.

Svart karbon dannar skyer, driv i vind og fell til jord (Midtre Lovénbreen) 1-3, Randi Nygård. Fotograf: Randi Nygård

Om prosjektet

I ein serie tredimensjonale collagar har Nygård brukt såkalla funne materiale, der bøker, oppslagsverk, kart og magasin utgjer råmaterialet. Nye og eldre kunnskapskjelder, som litterære tekstar og kart er skorne og fletta og blitt til voluminøse og skjøre papirkonstellasjonar. Eit skarpt auge vil kunne sjå at collagane kontekstualiserer nordområda som ein del av ein større heilskap – alt heng saman, også klodens økologiske balanse.

I tillegg til dei ekspressive collagane har Nygård også bidratt med arbeid frå ein annan og langt meir lågmælt serie, kalla isbre-frottagar. Denne blei utvikla under eit tidlegare opphald i Ny-Ålesund. I nyansar av svart, kvitt og grått framstiller kunstnaren møtet med isbreane på Spitsbergen. Varme hender smurde inn med kol blir strokne mot kvite ark som kviler på den kalde blåisen. Isbre-frottagane blir skapt i eit varsamt møte mellom menneske og eit naturelement på retrett. Når ein først får innblikk i den kunstnariske prosessen, les ein med eitt dei sarte motiva som ei monumental urkraft.

Collage og frottage er to kunstnariske uttrykksformer med lange kunsthistoriske tradisjonar. I collage blir det danna eit heilskapleg bilde av ulike utklipp eller materialbitar, brotstykke som er funne og valt ut av kunstnaren sjølv. Frottage er ein teknikk som går ut på å skape eit bilde ved å legge eit papir over ei ru og ujamn overflate og deretter gni papiret med for eksempel ein mjuk blyant eller kol. Føremålet er å overføre konturane, mønstra og relieffa til det underliggande materialet til papiret.

Om kunstnaren: Randi Nygård (f. 1977 i Bergen) bur og arbeider i Oslo. Ho har ein mastergrad frå Kunstakademiet i Trondheim, NTNU frå 2006. I tillegg til å vere kunstnar er ho skribent. Det er dei skjøre og samtidig ekspressive tredimensjonale papircollagane som kjenneteiknar kunstnarskapen til Nygård. Verka kan seiast å vere inspirert av omgrep som tid, livssyklus og det foranderlege. Viktige kunstnariske inspirasjonskjelder har vore kunstnaropphald på Svalbard og deltaking i ei rekke tverrfaglege forskingsprosjekt.

Detaljer

Adresse

Vei 227-2, 9171 Longyearbyen

Fylke

Svalbard

Kunstner

Randi Nygård

Ferdigstilt dato

01.05.2022

Prosjektansvarlig og kurator

Janicke Heggem Rudi Iversen , KORO

Mottakerinstans

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD)
Skatteetaten
Forbrukerrådet
Norsk Helsenett
Arbeidstilsynet
NAV Svalbard
Statens vegvesen - region nord

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Delvis tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk