Svart karbon dannar skyer, driv i vind og fell til jord (Midtre Lovénbreen) 3

Randi Nygård

 

Om

I tillegg til dei ekspressive collagane har Nygård også bidratt med arbeid frå ein annan og langt meir lågmælt serie, kalla isbre-frottagar. Denne blei utvikla under eit tidlegare opphald i Ny-Ålesund. I nyansar av svart, kvitt og grått framstiller kunstnaren møtet med isbreane på Spitsbergen. Varme hender smurde inn med kol blir strokne mot kvite ark som kviler på den kalde blåisen. Isbre-frottagane blir skapt i eit varsamt møte mellom menneske og eit naturelement på retrett. Når ein først får innblikk i den kunstnariske prosessen, les ein med eitt dei sarte motiva som ei monumental urkraft.

Detaljer

Datering

2021

Kunstner

Randi Nygård

Kategori

Tegning, Kulltegning

Teknikk og materiale

Frottage, kull på papir

Mål


Høyde: 46.4cm
Bredde: 34.2cm

Reference

KORO.008154