Konkurransetilsynet

Ved inngangspartiet til Konkurransetilsynet flyt og flettar Jorunn Hancke Øgstads amorfe former seg i kvarandre. Representerer måleria eit speil, ei flate eller eit vindauge?

Uten tittel (1), Jorunn Hancke Øgstad. Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

Dei to verkseriane består av eit større måleri i fem delar og fem mindre måla skulpturar.
– Eg hadde lyst til å leike med innsynet til rommet og drøfte kor tilgjengeleg kunsten er, og avgrensingane til måleriet, seier Jorunn Hancke Øgstad.

Dei fem delane av måleriet er tett montert i éin samla komposisjon. Tekstilfargane flyt i kvarandre tilsynelatande fritt og ukontrollert, mens strøk og former synest å følgje ein mal. Kombinasjonen av dei frie målarstrøka og dei reproduserbare sjablongformene som ligg i ulike lag over og under kvarandre, uttrykker motsetnader mellom det reproduserbare og det autentiske. Det skaper ei viss forvirring og reiser spørsmål om kva som er ekte. Er det eine uttrykket meir autentisk enn det andre?

Fargane er i hovudsak lette sjatteringar i turkis, beige og varme pastellar, men fleire område av lerretet står urørte. Avgrensingane i flata, dei brotne rammene og hinta om vindauge stykkar opp bildeflata og ymtar om eit inne og eit ute.

Tematisk blir desse antydningane henta opp i dei fem mindre skulpturane som er montert på granittsoklar og plassert på eikehyller i dei vertikale vindaugsnisjane på veggen midt imot måleriet. Skulpturane har to måla sider med abstrakte motiv og kan betraktast frå både innsida og utsida av vindauga. Sidene er delvis gjennomsiktige, avhengig av lyset i rommet og tida på døgnet. Amorfe former flyt og flettar seg i kvarandre, og fargane er kraftigare enn på måleriet på veggen. Det vertikale formatet til vindaugsnisjane, som vi også finn i måleriet, rammer inn dei utflytande formene til skulpturane. Dei to verka har dermed ein indre formlogikk. Også overflata binder verka saman.
– Måleriflatene til skulpturane er utflytande og poengterer den organiske materialiteten til akvarellmålinga. Ved å laminere skulpturane i epoxy slik at dei får ei blankpolert overflate, underbygger ein forholdet til veggarbeidet, seier Jorunn Hancke Øgstad.

Jorunn Hancke Øgstad (f. 1979) er utdanna bildekunstnar frå Kunsthøskolen i Oslo og Listaháskóli Íslands (LHI), Reykjavik, Island. Ho har også studert film ved European Film College (EFC), Ebeltoft, Danmark. Dette er hennar første oppdrag for KORO.

 

Detaljer

Adresse

Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstner

Jorunn Hancke Øgstad

Ferdigstilt dato

01.04.2019

Prosjektleder

Elisabeth Tetens Jahn

Fagkomite

Marie Buskov
Ole Martin Lund Bø
Susanne Østby Sæther

Arkitektkontor

Lund + Slaatto arkitekter AS

Byggherre

KLP Eiendom

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk