Den nye bygninga er laga av berekraftige materiale, og spesielt dei indre konstruksjonane er laga av massivt tre, noko som bidrar til at romma har ei varm og strukturell openheit. I dialog med kunstutvalet har kurator identifisert to stader som mest eigna for kunstprosjektet sin fyrste del.
Hjarterommet er ein open trappeoppgang frå 1. til 3. etasje med takvindauge i toppen og sosiale soner på tvers av alle dei tre etasjane. Søyler, trapper, vegger, golv og tak er alle laga av tre, som bind bygningen saman. Kvar etasje vil representere ulike fag og aktivitetar. 1. etasje er for maritim utdanning, 2. etasje er for helsefag og i 3. etasje finn ein seminaravdelinga, fellesrom og lærararbeidsplassar. Auditoriet ligg i 1. etasje og vil ha sitteplass til 160 personar.
Kunstnar Robel Temesgen (f.1987) har fått eit direkte oppdrag med å laga permanent og stadsspesifikk kunst for den nye bygninga. Basert på det nye bygget og tema og aktivitetane som vil finna stad her, helse- og maritim utdanning, vil Temesgen laga ei serie veggmåleri som han skal utføre direkte på nokre av dei mange treflatene i Hjerterommet og dei sosiale sonene i kvar etasje. Temesgens veggmaleri vil ta utgangspunkt i Haugesund som geografisk stad og by, med ei rik historie som alltid har hatt et nært forhold til Nordsjøen og sundet, med alt det inneber av fiskeindustri og båtbygging.
I sin kunstnariske praksis har han fokusert på det materielle, åndelege og økologiske forholdet mellom mennesker og vatn. Han har våren 2026 avslutta sitt kunstnariske doktorgradsarbeid ved Kunsthøgskolen i Oslo KHiO. Temesgen starta arbeidet på høgskulen våren 2026, og ei nærare beskriving av kunstprosjektet og kunstnaren vil komme når høgskulebygninga har opna og studentar og tilsette har tatt bygninga i bruk, hausten 2026.