Høgskulen i Volda, Synnøve Riste-huset

I eit nytt tilbygg ved Høgskulen i Volda kastar kunstverka lys over korleis ord og bilete kan tolkast ulikt, avhengig av ståstad og situasjon.

Spills, Kjersti Sundland. Fotograf: Trond Isaksen

Om prosjektet

I 2010 blei det bygd eit tilbygg til Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Denne delen av høgskulen husar primært humanistiske fag for lærarutdanning. Det nye tilbygget, som har fått namnet Synnøve Riste-huset, er først og fremst eit administrasjonsbygg med kontor og grupperom for dei tilsette. Verk frå to kunstnarar er kjøpt inn.

«DEI SAMANHENGANE SOM VEKS FRAM NÅR MEDVITET FÅR INFILTRERE MELLOMROMMA» står det i store bokstavar på gangbrua mellom Berte Kanutte-huset og det nye Synnøve Riste-huset. Utanfor ein kontordør står det: «EIN KVISKRAR LØYNDOMAR FRÅ DEI UTSETTE POSTANE». Orda kjem frå kunstnaren Aud Marit Skarrebo Holmen, som jobbar med tekstinstallasjonar basert på eigne tekstar, aforismar og dikt. Ho er særleg interessert i korleis ord og uttrykk er påverka av kontekst og utforming. Tekstane hennar er gjerne haltande, paradoksale og tvitydige, slik at dei kan tolkast på fleire måtar. På den tredje tekstinstallasjonen hennar, som er å finne i fellesområdet, står det: «TYDINGANE SPRIKJER I ALLE RETNINGAR».

Kjersti Sundland er den andre kunstnaren som har bidrege til tilbygget. Også hennar kunstverk tar tak i kor flyktige og ustadige tolkingar kan vere. Dei digitale teikningane hennar, som er plassert i fellesområdet, er basert på motiv frå nettet. Sundland har skrella dei ned, viska dei ut og omarbeidd dei slik at berre spor frå den opphavelege teikninga står att. I samtalar ho har hatt med dei tilsette i ettertid, har det likevel komme fram at teikningane blir sett inn i svært konkrete, dagsaktuelle rammer: Fotografiet Blind spot, som viser ein skikkelse med ein papirpose på hovudet, går blant dei tilsette under namnet Abu Ghraib-fangen. Likeeins har fotografiet Stills, som viser ryggen til ein mann med vest og belte, fått tilnamnet Sjølvmordsbombaren.

Detaljer

Adresse

Joplassvegen 11

Fylke

Møre og Romsdal

Kunstnere

Aud Marit Skarrebo Holmen
Kjersti Sundland

Ferdigstilt dato

08.11.2010

Prosjektansvarlig

Bo Krister Wallström
Ruth Hege Halstensen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Torunn Skjelland

Arkitektkontor

NUNO Arkitektur AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk