Bufetat Yttrabekken ungdomssenter

Til Yttrabekken ungdomssenter har kunstnarane Tobias Alexander Danielsson og Kristin Tinsa Sæterdal utvikla tekstilar med motiv forankra i kvardagen til ungdommane. Kunstprosjektet knyter fellesromma saman, tilfører romma varme og skaper nærleik til omgjevnadene.

Om prosjektet

Kunsten ved Yttrabekken ungdomssenter tar utgangspunkt i livssituasjonen til ungdommane på senteret. Kjerneideane i det kuratoriske konseptet er bevegelse, vekst og rutinar.

Kunstprosjektet består av tre tekstilverk av to kunstnarar: to tekstilkollasjar av Tobias Alexander Danielsson og eitt mindre tekstilverk av Kristin Tinsa Sæterdal. Kunstverka er plassert i aktivitetsrommet og på kjøkkenet på senteret. Slik blir fellesromma knytt saman og funksjonen til områda styrka.

Dei to tekstilkollasjane til Tobias Alexander Danielsson hentar motiv frå sport og lokal natur, og speglar dei samansette erfaringane, følelsane og liva til ungdommane på senteret. I Get up kan lagsporten basketball symbolisere samarbeid og fellesskap, men også konkurranse, maktforhold og sosial dynamikk. Dette er relevante tema i eit miljø prega av systematisk behandling og samarbeid mellom ungdommar og tilsette. Samtidig kan sport vere ein inngang til å snakke om glede, tilhøyrsle, frustrasjon og sårbarheit, som alle er sentrale følelsar i kvardagen til ungdommane.

Blomstermotivet i Grow up, det andre kunstverket til Danielsson, viser til ein symbolsk dimensjon der tid, forgjengelegheit og sårbarheit blir introdusert. Marisko er ei sjeldan og freda plante i orkidéfamilien som høyrer heime i Nordland. Ved å inkludere ein lokal blom blir kunstverket forankra i nærområdet.

Kontrasten mellom den energiske intensiteten til sport og den naturlege roa til ein blom inviterer til refleksjon rundt det å vekse opp, endre seg og finne plassen sin i livet. Verka er plassert ved bordtennisbordet, eit sosialt samlingspunkt, som understrekar at kunst kan integrerast i kvardagen og styrke fellesskap og tilhøyrsle.

Motivet i tekstilarbeidet til Kristin Tinsa Sæterdal er eit tomt Go’morgen-yoghurtbeger. Det er henta frå ein serie kunstverk med tittelen Forkastet. At eit motiv som er så kvardagsleg og lett å kjenne igjen blir opphøgd og får ny tyding i eit innramma kunstverk, opnar for refleksjon. Tema som forbruk, avfall og midlertidigheit blir framheva, det same blir spørsmål knytt til kva vi verdset i samfunnet. Kva vel vi å ta vare på, og kva for materiale ser vi på som ubrukelege?

Tekstilarbeida er alle handlaga og kombinerer tidkrevjande handverk med nærvær, nærleik og intimitet. Slik blir kunsten ein ressurs som understøttar verdiane til senteret, som er tryggleik, føreseielegheit og utvikling, samtidig som verka tilfører romma varme, omsorg og ein følelse av nærvær.

Detaljer

Adresse

Brennstadmoen 23, 8614 Mo i Rana

Fylke

Nordland

Ferdigstilt dato

30.04.2026

Kunstner

Tobias Alexander Danielsson
Kristin Tinsa Sæterdal

Kurator

Jasmina Kemura

Prosjektansvarlig

Maj Liv Holen , KORO

Byggherre

Statsbygg

Formidling og kommunikasjon

Ida Møller Engebretsen , KORO

Kunstforvaltning

Fredrik Qvale , KORO

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Ikke tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Lukk