Dei to tekstilkollasjane til Tobias Alexander Danielsson hentar motiv frå sport og lokal natur, og speglar dei samansette erfaringane, følelsane og liva til ungdommane på senteret. «I Get up» kan lagsporten basketball symbolisere samarbeid og fellesskap, men også konkurranse, maktforhold og sosial dynamikk. Dette er relevante tema i eit miljø prega av systematisk behandling og samarbeid mellom ungdommar og tilsette. Samtidig kan sport vere ein inngang til å snakke om glede, tilhøyrsle, frustrasjon og sårbarheit, som alle er sentrale følelsar i kvardagen til ungdommane.
Blomstermotivet i «Grow up», det andre kunstverket til Danielsson, viser til ein symbolsk dimensjon der tid, forgjengelegheit og sårbarheit blir introdusert. Marisko er ei sjeldan og freda plante i orkidéfamilien som høyrer heime i Nordland. Ved å inkludere ein lokal blom blir kunstverket forankra i nærområdet.