Bufetat region Vest

Bufetat region vest har fått fire måleri av bildekunstnar Ole Martin Lund Bø til eitt av møte- og kontorområda.

Soil, Ole Martin Lund Bø. Fotograf: Thor Brødreskift

Om prosjektet

Måleria til Lund Bø plasserer seg i spenningsfeltet mellom det abstrakte og det kjende i ein pågåande dialog med måleriet som medium. Lund Bø er opptatt av korleis dette verkar som ein inngangsport til kontemplasjon. Det er ofte eit motsetningsforhold mellom ulike visuelle kulturar – anten det er geometriske figurar som er sett saman med organiske linjer og felt, eller ein naturleg og ein meir syntetisk fargepalett som møter kvarandre. Særleg i dei tidlege måleria til Lund Bø finn vi linjer og flater som viser til arkitektur og reklamedesign, eller fotografi av trivielle kvardagsobjekt som ein joggesko eller ei potteplante.

Måleria som er kjøpt inn til Bufetat region vest, viser abstraherte topografiske element henta frå Rogaland, der kunstnaren voks opp. Effekten av dei stramme geometriske linjene og skarpe fargeflatene frå tidlegare er her «trekt tilbake» og kjem til syne som geometriske felt i det store måleriet (Rock) og i dei bøygde kopparplatene. Uttrykket er energisk og inviterer samtidig til ro og fordjuping. Aleksi Wildhagen seier i teksten sin om Lund Bø si utstilling på Hå gamle prestegard hausten 2021:

Og er det noe som er bra å gjøre med bilder, så er det å se og gruble over dem. Ikke nødvendigvis på hva det hele betyr, men forsøke å sette seg selv i malerens sted og starte dialogen med bildene, slik man da opplever dem. Hvorfor det er malt sånn eller slik, plassert her eller der, fargevalg og temperament. Se nøye etter hvordan de ulike delene spiller på og mot hverandre, og vit at det alltid ligger en vilje bak ethvert valg.

Ole Martin Lund Bø (f. 1973, Stavanger) er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen og bur og arbeider i Oslo. Utstillingsverksemda omfattar bl.a. Hå gamle prestegard; Bergen Kunsthall; LNM, Golsa, Noplace, QB og MELK, Kunstnerforbundet og Astrup Fearnley Museet i Oslo; Galleri Opdahl, Berlin og Stavanger, Denny Gallery og The Armory Show, New York. Han er innkjøpt av private og offentlege samlingar, bl.a. Bergen Kunstmuseum, Statoil Kunstprogram, Stavanger Kunstmuseum, Equinor, Norsk kulturråd og Oslo kommunes kunstsamling.

Detaljer

Adresse

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstner

Ole Martin Lund Bø

Ferdigstilt dato

15.06.2022

Prosjektleder

Elisabeth Tetens Jahn

Fagkomite

Anna Katharina Haukeland
Camilla Løw
Robert Johansson , 2022
Eli Skatvedt , 2021

Byggherre

GC Rieber

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk