Då delar av Bodø fengsel skulle pussast opp og byggast ut, fekk fengselet samtidig eit nytt kunstverk. Helseavdelinga blei tidleg valt som den mest aktuelle staden for eit kunstprosjekt, ettersom det er eit område som er mykje brukt av både tilsette og innsette, og var noko som fengselet sjølv ønskte. Det kom og fram ønske om at kunsten kunne bidrege med varme og gjere rommet rikare anten i form av fargar, motiv eller materialar, som kontrast til og sett opp mot arkitekturen som er nøytral og avdempa.
Fengselet har frå tidelegare kunstprosjekt frå KORO, mellom anna ei trefrise av Børre Larsen frå 1994, ein installasjon av Hugo Aasjord frå 1995 og fotografi av Rune Johansen frå 2016. Denne samlinga blei i 2026 økt med et metallarbeid av kunstnaren Morten Haugmo.
Det kuratoriske arbeidet har dermed bestått i å finne eit kunstverk av ein viss størrelse som står i relasjon til menneskelege proporsjonar. Verket skulle òg ha tydelege preg av solid handverk. Vidare blei det viktig å finne eit verk som på avstand synast og tek plass, og som på same tid har ei taktil overflate som både innbyr til og kan tole berøring. Metallarbeidet Messing Board frå 2025 er hamra i messing mens overflata er varmepatinert. Verket er ein del av ein serie der Haugmo sin framgangsmåte for å behandle materialet på framstår som noko meir enn berre teknisk utprøving, men òg som ein måte å tenke med hendene. Han undersøker metallplatene som materiale, som eit resonansrom og eit tankefelt. Å smi gjenstandar i metall eller andre harde material er ein prosess der motstand, kraft og tid blir omforma til nye strukturar. I konteksten av eit fengsel kan det overførast til idear om endring, utvikling og moglegheit for nye retningar i livet. Eit abstrakt, men samtidig konkret kunstverk med eit ope og undrande forhold til bevisstheit kan gje rom for ettertanke, og blir noko meir enn berre eit blikkfang i ein korridor mens ein går forbi. Storleiken på Messing Board, kombinert med fargespelet i overflata og siktelinja der verket no heng, gjer at det på avstand kan lesast som ein portal medan dei taktile kvalitetane trer tydelegare fram på nærare hald.
Morten Haugmo (f. 1975) er utdanna frå Avdeling for kunst og handverk på KhiO, Kunsthøgskulen i Oslo. Han er i tillegg utdanna som gullsmed og arbeidde i mange år som blekkslagar. Verka hans er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og av KODE i Bergen. Dette er hans fyrste prosjekt for KORO.