Kunstprosjektet Centarium del II er eit film- og performanceprosjekt som tar for seg forbrukarkultur, og utforskar kunstnariske strategiar i det semi-offentlige byrommet. Dei fekk 150. 000 kroner i støtte tidlegare i haust. Fotoet viser eit stillbilde frå eit tidlegare og beslekta prosjekt, Centarium del I, tatt på Coop OBS! i Mo i Rana. Foto: Aleksander Johan Andreassen
Aktuelt

Fire millionar ekstra til kunst i offentlege rom

Regjeringa fordeler ytterlegare 103 millionar kroner i støttetiltak til kultursektoren i samband med covid-19. Fire av desse millionane vert fordelte til kunstnarar og kuratorar gjennom tilskotsordninga LOK.

Eg er glad for å kunne styrke ein hardt prøva bransje på tampen av året. Desse pengane går til målretta tiltak spissa mot spesifikke aktørar innan kulturfeltet, og eg er viss på at pengane vil kome svært godt med, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i dagens pressekonferanse.

Runde to

Tidlegare i haust fatta Stortinget eit vedtak om ei kompensasjons- og stimuleringsordning der 130 millionar kroner blei sett av til eksisterande ordningar retta mot gjeldande kulturpolitiske mål. Av dei blei åtte millionar kroner kanalisert via KORO: Fem millionar kroner blei gjort tilgjengelege som søkbare prosjektmiddel gjennom  Lokalsamfunnsordninga (LOK), og tre millionar blei nytta til innkjøp av kunstverk gjennom Leigebyggsordninga (LES).  

Og no skal altså nye fire millionar delast ut via Lokalsamfunnsordninga.

– I den ekstraordinære søknadsrunden kom det inn 163 søknader, og vi har dermed mange kvalifiserte og støtteverdige prosjekt å fordele ytterlegare middel på, seier leiar av kunstseksjonen i KORO, Nora C. Nerdrum.

Meir til kunstarane

Direktør Svein Bjørkås er glad for at regjeringa har valt å styrke allereie treffsikre og effektive ordningar i feltet.

– Fleire middel til Lokalsamfunnsordninga fører til at vi kan støtte fleire av prosjekta og kunstnarane som står bak, seier Bjørkås.

Fagutvalet som handsamar søknadene vil fordele midla før jul.

Les Kulturdepartementet si pressemelding her