Ein plakett har vorte send til alle som har bidrege med stein til Jumana Manna sitt bygolv Sebastia.
Ein plakett er send til alle som har bidrege med stein til regjeringskvartalet. Her ser me donasjonen frå Namsos kommune i Trøndelag som har sett opp plaketten på kyrkjemuren, der steinen dei donerte kjem frå. Foto: Namsos Kommune.
, ,

Mellomalderstein frå Hamar til bygolvet i regjeringskvartalet

Innlandet fylkeskommune har bidrege med ein av dei eldste steinane til kunstverket Sebastia i regjeringskvartalet i Oslo. Tysdag 3. november blir bidraget markert med ei høgtideleg overrekking av ein plakett frå kunstnaren Jumana Manna og KORO, til Anno Domkirkeodden historiesenter.

Sebastia er eit 800 kvadratmeter stort bygolv forma spesielt for Johan Nygaardsvolds plass i det nye regjeringskvartalet i Oslo. Kunstverket er laga av Jumana Manna og består av resirkulert stein samla inn frå heile Noreg.

Steinane er donerte av kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar over heile landet. Det er over hundre ulike bidrag, og blant dei er Domkirkeruinene på Hamar. Her ligg mellomaldersteinen frå Hamar side om side med stein frå Nidarosdomen, Slottet og Fredriksten festning.

Steinen frå Hamar stammar frå den romanske byggjefasen i domkyrkja, som blir datert til omkring 1152. Opphavleg var den ein tilhogga kvaderstein i ytterveggene til katedralen, og er seinare delt for å passa inn i bygolvet. Det er ein mjøskalkstein frå Furuberget, der Hamar-bispen hadde steinbrot i mellomalderen. Hamar domkyrkje vart øydelagd i brannen i 1567 og har sidan stått som ruin.

Markerer bidraget frå Innlandet

For å markera bidraget til kunstverket blir ein eigen plakett, laga av kunstnaren og KORO, overrekt til Anno Domkirkeodden. Overrekkinga blir arrangert av Innlandet fylkeskommune.

PROGRAM

Tidspunkt: Tysdag 3. november 2026, kl. 14:00 

Stad: Borgstova på Anno Domkirkeodden historiesenter, Strandvegen 100 på Hamar 

  • Overrekking av plaketten til styreleiar i Anno museum, Even Aleksander Hagen og avdelingsdirektør i Anno Domkirkeodden historiesenter, Per Øyvind Riise
  • Leiar for hovudutval for kultur i Innlandet fylkeskommune, Tom Svellet
  • KORO ved sjefskurator og leiar for kunstseksjonen, Ida Tenvik-Bringedal
  • Om domkyrkja si betyding for utviklinga av Hamar og Innlandet, ved Kristian Reinfjord seksjonsleiar kulturhistorie og arkeologi, Anno museum
  • Helsing frå Riksantikvar Hanna Geiran
  • Helsing frå Hamar kommune ved ordførar Vigdis Stensby
  • Kunstnariske innslag ved Maren Myrvold

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk