Arek Kouyoumdjian sitt kunstverk The square that dreamt to be a circle i den nyrenoverte E-blokka til Kartverket i Hønefoss. Foto: Jon Gorospe.
,

Kunst om kart

Kunstnaren Arek Kouyoumdjian har laga eit stadspesifikt kunstverk til den nyrenoverte E-blokka til Kartverket i Hønefoss. Med utgangspunkt i ulike kartprojeksjonar utforskar kunstverket korleis vi kartlegg, tolkar og orienterer oss i verda.

I E-blokka møtest arkitektur, geometri og kartlegging i eit stadspesifikt kunstverk av Arek Kouyoumdjian. Med utgangspunkt i prinsippa som ligg til grunn for kartlegging, som geometri, linjer, forhold og projeksjonar, har kunstnaren skapt eit visuelt språk som er overført til søylene i rommet. Geometriske fliser med harde linjer møter mjuke gardiner med handsydde sirklar og ovale former. Kunstverket peikar ikkje berre mot taktile kontrastar, men også mot kartprojeksjonane Gall–Peters og Mercator og den ekvirektangulære projeksjonen.

Projeksjonane overfører den tredimensjonale, krumme overflata til jordkloden til eit todimensjonalt kart, noko som fører til at forma, størrelsen, avstanden eller retninga blir forvrengd. Dette peikar mot det grunnleggande paradokset i kartlegging: Alle kart forsøker å skildre verda så nøyaktig som mogleg, men er samtidig ei tolking der informasjon går tapt eller blir forvrengd.

Sjå filmen og høyr kunstnaren fortelje om kunstverket.

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk