Tekstilarbeidet Hilde Skancke Pedersen skal gjere for det nye regjeringskvartalet blir ein versjon av dette kunstverket frå 2021: Bassi Várri – Hellig fjell. Foto: Kunsthaus Hamburg.
Aktuelt

Hilde Skancke Pedersen lagar eit nytt kunstverk for regjeringskvartalet

Det er no klart at kunstnaren Hilde Skancke Pedersen skal lage eit monumentalt tekstilarbeid til det nye regjeringskvartalet. Kunstverket skal få ein fast plassering i D-blokka.

Tittelen på verket, Bassi várri, giđđadálvi – Hellig fjell, vårvinter speglar kunstnaren sitt syn på natur: alle fjell og all natur er heilag. Motivet viser eit stort fjellandskap som geografisk befinn seg langt unna regjeringskvartalet midt i hovudstaden. Men ikkje desto mindre bér kunstverket med seg eit viktig bodskap til politikarane og byråkratane som skal ha sin daglege arbeidsplass i bygget:

– Kunstverket er eit portrett av eit fjell på den norske sida av Sápmi. Den store tekstilen hevdar: alle fjell er heilage, all natur er heilag, seier Hilde Skancke Pedersen om verket ho er i gang med å lage på atelieret sitt i Kautokeino.

Kunstverket skal lagast av gjenbruksmateriale som slitte laken og T-skjorter fra loppemarknadar og bruktbutikkar. Materialvalet understrekar den ibuande bodskapen i verket, seier Pedersen: – Jorda har begrensa med ressursar. Skal vi menneske fortsette å utbytte naturen, og sløse verdiane i verda på tanketomt forbruk og vettlause krigar? Det at motivet viser eit Finnmarksfjell på vårvinteren kan inngje ein følelse av håp, ein bevegelse mot ein lysare tilstand.

Nora Ceciliedatter Nerdrum har vore del av kuratorgruppa for kunstprosjektet til nytt regjeringskvartal og fortel at Hilde Skancke Pedersen var ein av kunstnarane som deltok i prekvalifiseringa og den opne skissekonkurransen som KORO lyste ut i sommaren 2024.

– Pedersen sin praksis er dypt forankra i landskapet og naturen i Nord-Noreg og Sápmi, og vi er veldig glade for at ho vil jobbe meir med denne tematikken i ei vidare utforsking av verksserien Bassi VárriHellig fjell, seier Nerdrum.

Ho peikar også på miljøbodskapen som eit sentralt aspekt: – Sjølv om Pedersen sitt kunstnariske uttrykk ikkje er direkte aktivistisk, gjev kunstverket likevel uttrykk for ei djupøkologisk haldning til natur og menneske som likeverdige størrelse.

Hilde Skancke Pedersen (f. 1953, Hammerfest/Hámmerfeastta) bur og arbeidar i Kautokeino/Guovdageainnus og spelar ei særs aktiv rolle i norsk og samisk kunstliv. Ho er verksam som kunstnar, kurator, dramatikar og scenograf/kostymedesignar, og har utført ei lang rekke offentlege kunstverk i Noreg og i Sápmi.

Ho er frå 2022 til 2027 styreleiar for Sámi Dáiddaguovddáš (SDG)/Samisk Senter for Samtidskunst, Karasjok/Kárášjohka. Pedersen har utdanning frå Statens håndverks – og kunstindustriskole (SHKS, no Kunsthøgskulen KHiO), Oslo/Oslove (1974 – 78) og har tatt Forfattarstudiet ved UiT Noregs arktiske universitet , Tromsø/Romsa.

Hilde Skancke Pedersen foran eit av tekstilarbeida sine. Foto: Fredrik Sandstrand/Hammerfestingen

Nokre av utstillingane ho har vore med på dei seinare åra i Sápmi, Noreg og internasjonalt, er mellom anna Sápmi Triennale/Sámi triennála , ei gruppeutstilling ved Sámi Dáiddaguovddáš/Samisk senter for samtidskunst, våren 2025. Triennalen involverar aktørar, kunstnarar og visningsstadar over heile Sápmi. I 2024 laga ho kunstverket Mare amicus, boreas domusHavet min venn, nordavinden mitt hjem til nye Hammerfest sjukehus. Same år var ho óg med på juniutstillinga Gálgat mohkiid, duogŋat gokčasiid, ei gruppeutstilling med inviterte kunstnarar frå Sápmi på Kunstnerforbundet i Oslo. Våren 2024 deltok ho i tillegg med tekstilarbeid på den juryerte utstillinga I de rette hender. Tendenser 2024 ved Galleri F15 i Moss. I samband med 10-års jubileet til Dáiddadállu i 2024 blei utandørsinstallasjonen Áhkkut presentert. Verket er plassert på bygdetunet i Kautokeino.

Hausten 2023 var ho med på Høstutstillingen på Kunstnernes Hus i Oslo, og
Speaking back!, ei juryert gruppeutstilling ved Kunsthaus Hamburg i Tyskland.
SOFT galleri i Oslo presenterte hausten 2022 Pedersen i soloutstillinga Ellojuvvon eallin – levd liv, og ho var representert på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet i Oslo, Jeg kaller det kunst sommaren og hausten 2022.

Kunstprosjektet for nytt regjeringskvartal er det største kunstprosjektet for KORO nokon gong. Den fyrste delen av byggeprosjektet, som omfattar A-blokka, H-blokka og D-blokka, skal etter planen vere ferdig i løpet av 2025, og allereie i 2026 kjem departementa til å flytte inn. Kunstverka kjem også inn i dei nye lokala i denne perioden. Les meir om kunstprosjektet og dei største kunstverka på prosjektsida.

Eit tidligare arbeid som Hilde Skancke Pedersen har gjort for KORO er Luottat – Spor, kunstverket i Plenumumssalen i Sámediggi/Sametinget i Karasjok, frå 2000. Sjå bilde og les på norsk og samisk om verket på prosjektsida.

I 2023 var Pedersen gjest i KORO sin podkast VerkSted, der ho sjøl snakka om arbeidet med og betydninga av Luottat – Spor. Lytt til episoden her.