Fire millionar ekstra til kunst i offentlege rom
Regjeringa fordeler ytterlegare 103 millionar kroner i støttetiltak til kultursektoren i samband med covid-19. Fire av desse millionane vert fordelte til kunstnarar og kuratorar gjennom tilskotsordninga LOK.
Eg er glad for å kunne styrke ein hardt prøva bransje på tampen av året. Desse pengane går til målretta tiltak spissa mot spesifikke aktørar innan kulturfeltet, og eg er viss på at pengane vil kome svært godt med, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i dagens pressekonferanse.
Runde to
Tidlegare i haust fatta Stortinget eit vedtak om ei kompensasjons- og stimuleringsordning der 130 millionar kroner blei sett av til eksisterande ordningar retta mot gjeldande kulturpolitiske mål. Av dei blei åtte millionar kroner kanalisert via KORO: Fem millionar kroner blei gjort tilgjengelege som søkbare prosjektmiddel gjennom Lokalsamfunnsordninga (LOK), og tre millionar blei nytta til innkjøp av kunstverk gjennom Leigebyggsordninga (LES).
Og no skal altså nye fire millionar delast ut via Lokalsamfunnsordninga.
– I den ekstraordinære søknadsrunden kom det inn 163 søknader, og vi har dermed mange kvalifiserte og støtteverdige prosjekt å fordele ytterlegare middel på, seier leiar av kunstseksjonen i KORO, Nora C. Nerdrum.
Meir til kunstarane
Direktør Svein Bjørkås er glad for at regjeringa har valt å styrke allereie treffsikre og effektive ordningar i feltet.
– Fleire middel til Lokalsamfunnsordninga fører til at vi kan støtte fleire av prosjekta og kunstnarane som står bak, seier Bjørkås.
Fagutvalet som handsamar søknadene vil fordele midla før jul.
Les Kulturdepartementet si pressemelding her