KORO har lånt ut eitt av hovudverka til Vanessa Baird til den store utstillinga på MUNCH. Her gjer KORO sin konservator Margrethe Rudjord To Everything There is a Season frå 2014 klar til utlån. Foto: Fredrik Qvale / KORO.
Aktuelt

Kunstverk av Vanessa Baird utlånt til MUNCH

Fredag 11. oktober opna den store utstillinga med Vanessa Baird på MUNCH. KORO er glade for å låne ut eitt av hovudverka til Baird – det monumentale måleriet To Everything There is a Season frå 2014.

Så langt har over 50.000 besøkt utstillinga på MUNCH, som kritikarane har kalla «eineståande» og «ei overveldande oppleving». Måleriet kan sjåast på museet ut året.

To Everything There is a Season blei opphavleg laga som det siste av tre store måleri til departementsbygget R6 i Teatergata i Oslo, som stod klart i 2012. Baird vart invitert av KORO til å utvikle eit gjennomgåande kunstnarisk grep til det nye bygget, med tre store måleri. Dei to første verka, Lyset forsvinn – berre vi lukkar auga og Lenge gjekk eg tidleg til sengs, kom på plass i 2012 og 2013.

Motivkrinsen i dei tre måleria er særeigen og rik. Bileta til Baird er burleske, brutale og fortvilte, men også med ikkje så reint lite humor. Dei har referansar til arkitektur og natur, til dyr og fuglar, fablar og folkeeventyr. Dei fortel om enkeltlagnader, med utslåtte menneskekroppar i kaotiske interiør. Spelkort og flygande papir leier tanken mot eit byråkrati som kan oppfattast tilfeldig og omstendeleg, og til sakspapir og politiske dokument som kan få store konsekvensar for livet til den enkelte.

To Everything There is a Season er majestetisk montert i korridoren på MUNCH på grunn av storleiken. Utstillinga er kuratert av Kari Brandtzæg. (c) Vanessa Baird / BONO. Foto: Ove Kvavik, Munchmuseet.

Bileta til Vanessa Baird gir eit stort rom for tolking. Få år etter 22. juli 2011 vekte måleria reaksjonar hos tilsette i departementa. Papir gjennom lufta og velta kontorstolar gav vonde assosiasjonar til terrorangrepet. Landbruks- og matdepartementet valde difor å takke nei til det tredje kunstverket, og To Everything There is a Season blei etter ein lengre debatt mellombels montert i resepsjonsområdet til Kulturdirektoratet i 2014, der det har vore plassert fram til no.

Katalogen til utstillinga kjem ut i desember. Her skriv seniorkurator Trude Schjelderup Iversen i KORO meir om debatten i 2013 omkring dei tre måleria til Baird, og korleis kunstnarisk fridom og ytringsfridom blei sett på prøve i møte med mottakarane sine traumatiske erfaringar og deira lesing av kunstverket.

Å samla dei tre måleria i det nye regjeringskvartalet har heile tida vore ønsket til både KORO og kunstnaren, og kuratorane for kunstprosjektet i det nye regjeringskvartalet har arbeidd målretta for å få det til:

–  Vi har vore opptekne av dialog med dei komande brukarane av regjeringskvartalet for å sikre ei grundig og god forankring av plasseringa av verka, og opplever at dei fleste gler seg til å sjå bileta samla.

–  At kunst får fram personlege assosiasjonar hos sjåaren er uunngåeleg. Terrorangrepet 22. juli 2011 ligg som ein premiss for nybygga i regjeringskvartalet og vil uansett vere ein del av vår felles historie knytt til området. Like fullt har mykje endra seg i måten vi forheld oss til 22. juli på dei ti åra som har gått, og måleria til Baird vil igjen få nye lag av tydingar i møte med framtidige sjåarar, seier kurator og leiar for KOROs kunstseksjon, Nora C. Nerdrum

Dei tre store kunstverka av Vanessa Baird skal henge i eit kafé- og møteområde sentralt i det nye regjeringskvartalet, som kan brukast av alle tilsette. Dette er ein illustrasjon av korleis det vil sjå ut når «To Everything There Is a Season» er oppe på veggen. Illustrasjon: Statsbygg / Team Urbis / Nordic Office of Architecture

Kuratorane for kunstprosjektet i regjeringskvartalet, Ana Maria Bresciani, Nora C. Nerdrum og Drew Snyder, har utvikla omfattande planar for kunstprosjektet i Regjeringsprosjektet. Les meir om kunsten i det nye regjeringskvartalet her.

Bilete viser tre personer i eitt rom og smiler mot oss.
Kuratorgruppa for Regjeringskvartalet, fra venstre Ana María Bresciani, Nora Ceciliedatter Nerdrum og Drew Snyder. Foto Niklas Hart / KORO.