«Vekkelse»

Monica Winther (NO), Spartacus Chetwynd (GB) og Marja-Leena Sillanpää (SF/SE)

Dei tre kunstnarane vart invitert til å utvikle performancar på stader i Rogaland med ei sterk bakanforliggande historie: den turistifiserte Preikestolen, den forblåste øya Utsira og Burmavegen på Karmøy.

Vekkelse, Monica Winther, videostill: Are Hauffen.
Vekkelse, Monica Winther, videostill: Are Hauffen.

Om prosjektet

Dei mange og ulike tydingane av ordet vekking er utgangspunktet for dei tre prosjekta. «Vekking» kan bety at ein vaknar frå søvn eller dvale og får ei openberring, blir omvendt, bevisst eller klar. Ulike variantar av religiøse vekkingar har sett eit sterkt preg på samfunnslivet i norske bygder og byar heilt sidan Hans Nielsen Hauges dagar. I vår tid er det mange som søker innover i seg sjølve heller enn å søke oppover mot ei transcendental erkjenning; dei leitar etter ei større meining, autentisitet eller kanskje eit sterkare nærvær i augeblikket.

Dei tre performative verka ber preg av iscenesetting og sjølviscenesetting, og viser på kvart sitt vis skjebnesvangre augeblikk, fiktive så vel som faktiske. Dei naturlege omgjevnadene fungerer som kulisser for dei improviserte framsyningane til kunstnarane.

 

 

 

Detaljer

Adresse

Spartacus Chetwynd: Utsira, ved Utsira Fyr og i Fyrmannsboligen
Marjaleena Sillanpää: Karmøy, ved Burmaveien
Monica Winther: Veien mot- og på Preikestolen

Fylke

Rogaland

Kunstnere

Spartacus Chetwynd
Monica Winther
Marja-leena Sillanpää

Dato

21.09.2012 - 23.09.2012

Kurator

Ruth Hege Halstensen

Samarbeidspartner(e)

Norsk kulturråd
Kulturbyfondet Stavanger kommune
Rogaland fylkeskommune
Karmøy kommune
Utsira kommune
Forsand kommune

Kunstfaglig rådgiver

Bo Krister Wallström

Video


Videostill


Program

Kunst til andre offentlige arenaer