UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Musikkonservatoriet

Dei to kunstverka på Musikkonservatoriet i Tromsø er både monumentale og utført med tidkrevjande handverksteknikkar. Begge skapte òg debatt på 1980-talet.

Tonesøyle, Harald Wårvik. Fotograf: Kjell Ove Storvik

Om prosjektet

I 1985 stod Musikkonservatoriet i Tromsø ferdig. Studiestaden er ein del av Universitetet i Tromsø, men ligg for seg sjølv på sørsida av Tromsøya, i nærleiken av lokala til NRK Troms og Finnmark. Dei to kunstverka som blei bestilt og spesiallaga til Musikkonservatoriet, fortel ei historie om spenningar og kunstfagleg strid i Noreg på 1980-talet.

Åse Frøyshov sitt tekstilverk Fanfare (1986) kom først opp, og det var stor usemje i kunstkomiteen om verket. Det kan du lese om her.

Det andre verket, ein skulptur til hovudinngangen, fekk bilethoggaren Harald Wårvik i oppdrag å lage. Den snautt sju meter høge Tonesøyle (1988) er det første ein får auge på når ein kjem til Musikkonservatoriet frå gata; skulpturen ruvar i terrenget framfor den låge teglsteinsbygningen. Den er hoggen i diabas, ein finkorna, svart granitt frå Sverige, og er polert, slik at glansen kjem fram. Skulpturen kan minne om både ei fløyte og eit høgtalaranlegg, samtidig har Wårvik vore inspirert av den svært gamle musikken, frå ei tid då notasjonen enno var i sin barndom. Kring søyla er det små konvekse halvkuler som liknar perlerader, og større konkave skålformer.

Både kunstkonsulentane og brukarane var fornøgde med kunstverket. Vegen fram mot realisering var likevel ikkje problemfri. Denne gongen var det politikarane i kommunen som motsette seg kunstverket. Nokre månader før det stod ferdig, var det heftige diskusjonar i Tromsø formannsskap. Skulpturen skulle etter avtala vere eit spleiselag mellom Tromsø kommune og KORO (som då heitte Utsmykkingsfondet), men då spleiselaget blei kjent, kravde fleire politikarar at kommunen skulle trekke stønaden. Etter ein oppheta debatt blei stønaden godkjend, og i dag er Tonesøyle eit monumentalt kjennemerke utanfor Musikkonservatoriet i Tromsø.

Detaljer

Adresse

Krognessvegen 33, 9006 Tromsø

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstner

Harald Wårvik

Ferdigstilt dato

01.10.1988

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva , Tromsøgruppen
Hilde Hauan Johnsen , Tromsøgruppen
Geir Stormoen , Tromsøgruppen
Oddvar Løkse , Tromsøgruppen

Arkitektkontor

Arkitektplan A/S

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk