UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Musikkonservatoriet

Dei to kunstverka på Musikkonservatoriet i Tromsø er både monumentale og utført med tidkrevjande handverksteknikkar. Begge skapte òg debatt på 1980-talet.

Musikkonservatoriet, UiT Norges Arktiske Universitet, Tromsø. Fotograf: Jiri Havran

Om prosjektet

I 1985 stod Musikkonservatoriet i Tromsø ferdig. Studiestaden er ein del av Universitetet i Tromsø, men ligg for seg sjølv på sørsida av Tromsøya, i nærleiken av lokala til NRK Troms og Finnmark. Dei to kunstverka som blei bestilt og spesiallaga til Musikkonservatoriet, fortel ei historie om spenningar og kunstfagleg strid i Noreg på 1980-talet.

Det monumentale, men luftige tekstilarbeidet som heng i vestibylen, blei svært godt motteke av brukarane då det kom til Musikkonservatoriet i 1986. Med sin kraftige, handfarga koloritt i raudtonar og blått og lilla set bildeveven Fanfare av Åse Frøyshov farge på heile veggen. Samtidig gjer tekstilen rommet mjukare og inviterer blikket til å kvile i dei abstrakte formene.

Arbeida til Frøyshov har ei fri form, utanfor dei rettvinkla formata ein ofte finn i bildevev. Kunstverket er bygd opp av vertikale banar i ulike storleikar som skapar liv i veggflata. Frøyshov henta impulsar frå mellom anna den polske tekstilkunsten, som blei rekna som avantgardistisk i europeisk tekstilsamanheng, og som var med på å bane veg for den tredimensjonale tekstilkunsten.

Vegen fram mot realisering var ikkje berre enkel for Fanfare. Usemja var stor mellom dei oppnemnde kunstkonsulentane og kunstnaren sjølv om korleis kunstverket skulle sjå ut. I eit notat uttrykte to av kunstkonsulentane ein sterk skepsis til den frie forma på kunstverket. Ein «søtleg» fargebruk, mangel på kontrastar og ein komposisjon «utan byrjing og slutt» var blant ankepunkta. Mot kunstkonsulentane sin vilje blei verket likevel fullført og sett opp i vestibylen, der det framleis set sitt kraftfulle preg på rommet.

To år seinare, i 1988, kom det andre kunstverket opp på Musikkonservatoriet i Tromsø. Det kan du lese om her.

Detaljer

Adresse

Krognessvegen 33, 9006 Tromsø

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstner

Åse Frøyshov

Ferdigstilt dato

01.01.1986

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva , Tromsøgruppen
Hilde Hauan Johnsen , Tromsøgruppen
Oddvar Løkse , Tromsøgruppen
Geir Stormoen , Tromsøgruppen

Arkitektkontor

Harry Gangvik A/S

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk