Marius Engh (f. 1974) har nytta ei rekke historiske referansar i arbeidet med kunstverket Hermopolis til fasaden i det nye mellombygget i glas, som koplar dei to ærverdige tollbygningane saman. Verket tar utgangspunkt i den tidlegare symbolbruken til Tollvesenet, som var knytt til reise, handel og grenser, eit område som sidan antikken har vore tileigna Hermes, sendebodet mellom gudane og menneska i gresk mytologi. Hermes verna om handel og tjuvar og er kjend som Merkur i romersk mytologi.
I den venstre delen av frisa ser vi delar av ein legg og ein fot med ei venge, og i midten den magiske staven til Hermes med to slangar rundt, ein såkalla caduceus eller hermesstav. Til høgre i frisa ser vi kjempa Argus med dei mange auga, som ifølge mytologien aldri var attlatne samtidig. Verket viser til eit møte mellom Hermes og Argus slik det blir skildra i Ovids Metamorfoser. Der er Argus med sine hundre auge sett til å overvake og forhindre ei grenseoverskriding hos gudane. Hermes tar livet av Argus på oppdrag frå far sin Zevs, da han berre ser kjempa som eit instrument for å halde og overvake grensene. Overskridinga resulterer i utviklinga av menneskeslekta.
Frisa til Engh er plassert over hovudinngangen til Tolldirektoratet i glasbygget. Slik held Argus auge med aktiviteten inn og ut av Tollboden og nærområdet utanfor. Gjennom symbolbruken knyter Engh den antikke mytologien saman med historia til bygget og funksjonen det har i dag. Hermopolis betyr Hermes’ by, og når vi går inn dørene til Tolldirektoratet, går vi også inn i Hermes’ rike. På den måten kan frisa over inngangsdøra symbolisere ein portal.
Det har opp gjennom tidene vore vanleg å bruke symbol frå den antikke gudeverda i arkitekturen, både på fasadar, rundt vindauge og over inngangsportar. Ofte har det dreidd seg om handelsbygg og statlege bygg, der symbola fungerte som ei påminning om historia og tradisjonar og om at bygget og aktiviteten til verksemda var verna av gudane.
I dag har Tollvesenet forenkla symbola til riksvåpenet og ordet «toll». Marius Engh har likevel ynskt å hente fram historia når direktoratet flyttar tilbake til dei tradisjonsrike Tollbodene. Han seier dette om prosjektet: «Arbeidet mitt har bestått i å undersøke historia til Tollvesenet, mellom anna ved å besøke Tollmuseet innan det blei nedlagt. Eg har funne det svært interessant å kunne hente dette symbolet opp igjen og gjere det kjend.»