Hermopolis

Marius Engh

 

Om

Marius Engh (f. 1974) har nytta ei rekke historiske referansar i arbeidet med kunstverket Hermopolis til fasaden i det nye mellombygget i glas, som koplar dei to ærverdige tollbygningane saman. Verket tar utgangspunkt i den tidlegare symbolbruken til Tollvesenet, som var knytt til reise, handel og grenser, eit område som sidan antikken har vore tileigna Hermes, sendebodet mellom gudane og menneska i gresk mytologi. Hermes verna om handel og tjuvar og er kjend som Merkur i romersk mytologi.

I den venstre delen av frisa ser vi delar av ein legg og ein fot med ei venge, og i midten den magiske staven til Hermes med to slangar rundt, ein såkalla caduceus eller hermesstav. Til høgre i frisa ser vi kjempa Argus med dei mange auga, som ifølge mytologien aldri var attlatne samtidig. Verket viser til eit møte mellom Hermes og Argus slik det blir skildra i Ovids Metamorfoser. Der er Argus med sine hundre auge sett til å overvake og forhindre ei grenseoverskriding hos gudane. Hermes tar livet av Argus på oppdrag frå far sin Zevs, da han berre ser kjempa som eit instrument for å halde og overvake grensene. Overskridinga resulterer i utviklinga av menneskeslekta.

Detaljer

Datering

2019

Kunstner

Marius Engh

Kategori

Installasjon, Vegginstallasjon, Metall, Pulverlakkering

Teknikk og materiale

Vannskåret og pulverlakkert aluminium

Mål


Høyde: 443.5cm
Bredde (del 1 fra venstre): 190.5cm
Bredde (del 2 fra venstre): 213cm
Bredde (del 3 fra venstre): 242cm
Bredde (del 4 fra venstre): 200cm
Bredde (hele bredden): 852.5cm
Dybde : 4cm

Reference

KORO.007774