Terningmoen leir, befalsforlegning

Magnhild Øen Nordahl har forma rekkverk til fire balkongar på ein nyoppført befalsforlegning. Utgangspunktet er overlappinga mellom sivilt og militært liv som rekruttane møter ved starten av førstegongstenesta

Om prosjektet

Mønsteret i rekkverka er skapt ved å overlappe konturlinjer frå både sivile og militære element, og fylle formene med eit stripemønster. Utgangspunktet er overlappinga mellom sivilt og militært liv som rekruttane møter ved starten av førstegongstenesta. Sjølv om desse sfærane blandast saman, er skiljet dei imellom stort. 

Militære element er henta frå standard utstyrspakke for rekruttar, som feltstøvel, feltflaske, stridsvest og feltsekk. Dei sivile motstykka er kvardagslege gjenstandar ein 19-åring kan finne både i og utanfor ein militærleir: joggesko, vanleg drikkeflaske, kettlebell og ryggsekk. Desse kvardagslege tinga er knytt til den fysiske treninga rekruttane må gjere for å møte militære arbeidskrav – som å marsjere langt eller bære tungt. 

Titlane Trening og arbeidskrav (flasker), Trening og arbeidskrav (stridsvest), Trening og arbeidskrav (støvler) og Trening og arbeidskrav (ryggsekk) viser til opptreninga og overgangen frå sivilt til militært liv, medan rekkverket kan peike mot gjerdene som skil desse sfærene frå kvarandre og mot grenser som rekrutten både skal verne og overstige. 

Som integrert kunstverk oppfyller rekkverket ein arkitektonisk funksjon – å stanse ei rørsle. Det funksjonelle rekkverksmotivet peiker mot gjerder og skilje mellom to generelle ormåde; grensa rundt leiren og skiljet mellom det militære og sivile liv, landegrenser som forsvaret skal verne og grenser som rekrutten skal overstige. 

Magnhild Øen Nordahl (f. 1985) er ein kunstnar med base i Bergen. Ho arbeider med skulptur og installasjonar som undersøkjer korleis abstraksjonar innan naturvitskap, teknologi og språk, formar tenkjemåtane våre, verdsbilete og omgivnader. Nordahl er òg medgrunnleggjar av Aldea Senter for Samtidskunst, Design og Teknologi i Bergen. 

Detaljer

Adresse

Terningmoen leir, 2403 Elverum

Fylke

Innlandet

Kunstner

Magnhild Øen Nordahl

Ferdigstilt dato

01.04.2026

Prosjektansvarlig

Robert Johansson

Kurator

Eivind Slettemeås

Arkitektkontor

Longva Arkitekter AS

Byggherre

Forsvarsbygg

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Lukk