Trening og arbeidskrav

Magnhild Øen Nordahl

Om

Mønsteret i rekkverka er skapt ved å overlappe konturlinjer frå både sivile og militære element, og fylle formene med eit stripemønster. Utgangspunktet er overlappinga mellom sivilt og militært liv som rekruttane møter ved starten av førstegongstenesta. Sjølv om desse sfærane blandast saman, er skiljet dei imellom stort. 

Militære element er henta frå standard utstyrspakke for rekruttar, som feltstøvel, feltflaske, stridsvest og feltsekk. Dei sivile motstykka er kvardagslege gjenstandar ein 19-åring kan finne både i og utanfor ein militærleir: joggesko, vanleg drikkeflaske, kettlebell og ryggsekk. Desse kvardagslege tinga er knytt til den fysiske treninga rekruttane må gjere for å møte militære arbeidskrav – som å marsjere langt eller bære tungt. 

Tittelen Trening og arbeidskrav viser til opptreninga og overgangen frå sivilt til militært liv. 

Detaljer

Datering

2026

Kunstner

Magnhild Øen Nordahl

Kategori

Installasjon, Metall, Pulverlakkering, Sveising, Uterom

Teknikk og materiale

Laserskåret og pulverlakkert stål og glassplater

Mål


Høyde: 102cm
Bredde: 378cm
Dybde: 8cm
Høyde (glassplate): 92.8cm
Bredde (enkel glassplate): 120.53cm
Bredde (glassplate totalt): 377.38cm
Tykkelse (glassplate): 12.76mm

Reference

KORO.009295