SVV Statens vegvesen, Gol sambruksstasjon og døgnkvileplass

I verkserien Snowflake (2017) opnar kunstnar Yngve Holen (NO) opp eit organisk assosiasjonsrom på Gol sambruksstasjon og døgnkvileplass.

Snowflake, 2017, Yngve Holen. Fotograf: KORO/Fredrik Qvale

Om prosjektet

Holen arbeider i ytterkanten av eit posthumant univers og undersøker interessa vår for teknologiske hjelpemiddel og kor avhengige vi er i ferd med å bli av dei. Han tar kvardagslege objekt ut av kontekst og viser dei fram i utsnitt eller som del av ein installasjon.

Arbeida hans blir til i møtet mellom menneske og det menneskeskapte, men den kroppslege dimensjonen er heilt fråverande. Einaste spor av det menneskelege finst i titlane til verka.

På Gol sambruksstasjon heng tre verk i serien Snowflake (2017) i publikumsområdet i bygget. Dei er skulpturelle verk og består av lettmetallfelgar. Det indre mønsteret i felgen er skore ut og hengt rett på veggen. Sjølv om felgane ikkje er ytterlegare manipulert, verkar skulpturane uavhengig av bilhjulet og minner om snøfnugg.

Verka går i dialog med både funksjonen til bygget og friluftslivet på Gol. Dei skaper nye assosiasjonsrom for brukarane ved at dei gjer grensa mellom bilen og naturen utydeleg og ambivalent.

Holen (f. 1982) er frå Stavanger-regionen, men bur og arbeider i Berlin. Han har stilt ut fleire stader i Europa og Skandinavia og har hatt større soloutstillingar i Sverige, Tyskland, Austerrike og Noreg, sist på Rogaland Kunstsenter. Han er representert i kunstsamlingar internasjonalt.

Detaljer

Adresse

Husøynvegen 5, 3550 Gol

Fylke

Viken

Kunstner

Yngve Holen

Ferdigstilt dato

01.01.2019

Kurator

Nora Ceciliedatter Nerdrum

Arkitektkontor

Rambøll Norge AS

Mottakerinstans

Statens vegvesen, region sørøst

Entreprenør

Mest Bygg AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk