Kunstverka til Cato Løland lèt seg ikkje enkelt kategorisere. Han blandar uttrykksformer og set dermed spørsmålsteikn ved eksisterande hierarki innanfor materiale og teknikkar. Han plukkar gjerne kasserte tekstilar på bruktmarknader og set dei saman med andre funn frå naturen eller gata eller med dyrare materiale som silke og metall. Slik får kunstverka hans mange komplekse lag av meining og innhald, og ein kan forstå dei på fleire måtar.
Veggskulpturane Absorbere #1 og #2, som heng i inngangspartiet, er laga av funne materiale fletta inn i hønsenetting og montert i ei metallramme. Saman med verket Morgen, kveld, natt, som er montert på veggen bak skranken, får vi eit innblikk i den leikne produksjonen til kunstnaren, som er i skjeringspunktet mellom skulptur, måleri og tekstilarbeid. Løland kombinerer industrielt produserte materiale med ei sensibel kunstnarleg omarbeiding, og introduserer på den måten subtile eigenskapar i dei skulpturelle komposisjonane sine. I verka hans finn vi referansar til forbruk og gjenbruk og til korleis kroppen vår og sansane våre reagerer i møte med ulike materiale og miljø.
Cato Løland (f. 1982) bur og arbeider i Bergen. Han tok også mastergraden sin ved Kunst- og designhøgskolen her.