Statens barnehus Kristiansand

Bildeserien Re-novasjoner av Esther Maria Bjørneboe gir nytt liv til møte- og opphaldsrommet hos Statens barnehus i Kristiansand sentrum.

Re-novasjoner, Esther Maria Bjørneboe. Fotograf: CLH

Om prosjektet

Barnehuset si oppgåve er å gi tilrettelagde og trygge omgivnader for barn, ungdom og vaksne med nedsett funksjonsevne som blir avhøyrde i saker der det er mistanke om vald eller overgrep.

Bildeserien til Bjørneboe består av 14 like store gouache-måleri på papir. Den same grunnleggande abstrakte komposisjonen er gjentatt i kvart bilde. Tittelen spelar på den serielle nydanninga til motiva. Bilda har kvart sitt unike fargemessige utrykk, samtidig som dei er bundne saman av ein gjentakande komposisjon. Slik har Esther Maria Bjørneboe skapt eit visuelt system som på ein leiken og fri måte viser til den tette forbindelsen mellom individualitet og samhøyrsle.

Esther Maria Bjørneboe (f. 1971) er målar og teiknar, og bur og arbeider i Oslo. Ho har ei lang rekke utstillingar bak seg og er innkjøpt til private og offentlege samlingar, som Universitetet i Oslo, Utanriksdepartementet, Statsministerens kontor og Nasjonalbiblioteket. Ho har også hatt fleire oppdrag for offentlege bygg for både KORO og Oslo kommune. Parallelt med den kunstnariske verksemda har ho hatt ei rekke oppdrag som avisteiknar og rettsteiknar for NRK TV, Aftenposten og Morgenbladet.

Detaljer

Adresse

Vestre Strandgate 26, 4611 Kristiansand

Fylke

Agder

Kunstner

Esther Maria Bjørneboe

Ferdigstilt dato

01.01.2020

Prosjektleder

Elisabeth Tetens Jahn

Fagkomite

Anne Marthe Dyvi
Eirin Støen
Hedevig Anker

Byggherre

Øksøy Eiendom/Vestre Holding AS

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk