Riksteateret

Ingrid Eggen si fotosamling på venterommet til Riksteatret fortel tydeleg kva for institusjon som held til her.

Knegang (5), Ingrid Eggen. Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

Riksteatret held til i eit bygg frå 1958, teikna av arkitektane Erling Viksjø og Kjell Castberg Voss. I 2016 blei lokala, som dei delar med Kulturtanken, rusta opp. Til det oppgraderte venterommet er det kjøpt inn ti fotografi av Ingrid Eggen frå seriane Knax, Restricted Flora og Knegang.

– Teater er og har alltid vore ei stor interesse for meg, og eg synest det er heilt supert å sjå bilda mine på plass i lokala til Riksteatret, seier Ingrid Eggen.

Før Eggen begynte å arbeide som bildekunstnar, dreiv ho med dans. Det ber fotografia hennar preg av. – Eg nyttar som regel ein performativ inngang når eg lagar verk, og har eit stort utbytte av bakgrunnen min frå dans og arbeidet med eigen og andres kropp derfrå, fortel ho.

Ingrid Eggen arbeider primært med analogt fargefotografi av menneskekroppen og kvardagslege objekt og omgivnader. Ho instruerer modellane til å halde forvridne positurar og grimasar over tid – som ein performance – og undersøker symbol, gester og bevegelsane til kroppen i fleire fotoseriar. Gjennom forskuvinga av «naturlege» former i kroppen, naturen og ulike objekt skaper fotografia til Eggen visuelle brot i dei vante oppfatningane våre av forma, språket og tydinga deira.

Den lakserosa fargen som dominerer i fotografia på den eine veggen, forsterkar det kroppslege nærvêret og etablerer ein parallell mellom kroppane som vrir seg, og germiniane som ikkje rekk ned til det livgivande vatnet i vasen som held dei oppe. At Restricted Flora #1 og Knegang #9 er plassert ved sida av kvarandre, understrekar dessutan det fordekte hos planta og den mørkhåra modellen. Hos Riksteatret etablerer bilda til Eggen eit band mellom scene og kvardagsliv, mellom det teatrale og det daglegdagse. Samtidig blir ritualiserte gestar og positurar framheva.

Ingrid Eggen (f. 1979) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo, Konstfack i Stockholm og Akademin Valand ved Göteborgs universitet. Arbeida hennar har vore utstilte på sentrale kunstinstitusjonar som Kunstnernes Hus, Fotogalleriet og 1857 i Oslo, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Lillehammer Kunstmuseum og Ulterior Gallery, NYC.

Detaljer

Adresse

Gullhaug Torg 2b, 0484 Oslo

Fylke

Oslo

Kunstner

Eggen Ingrid

Ferdigstilt dato

15.03.2019

Prosjektleder

Elisabeth Tetens Jahn

Fagkomite

Marie Buskov
Ole Martin Lund Bø
Susanne Østby Sæther

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk