«Offshore»

George Osodi (NG)

I nokre mørke februarkveldar i 2009 vart fotografiserien Offshore av George Osodi projisert på eit stort lerret rett ved den travle trafikkmaskina mellom Oslo S og Bjørvika og i Vaterlandsparken i Oslo. Ein serie på 94 bilete gjekk i loop på begge sider av lerretet, og veksla mellom scener frå oljenasjonane Nigeria og Noreg.

Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til «Offs­ho­re»

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • OFFSHORE George Osodi
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

«Offshore»

Om prosjektet

Offshore er ei undersøking av sosiale og økonomiske konsekvensar av oljeindustrien i Noreg og Nigeria – to av dei største eksportørane av forureinande petrokjemiske produkt i verda. Bileta vart vist i to veker midt i mørketida. Frå klokka fem om kvelden til ti om morgonen kunne forbipasserande langs den trafikkerte «ikkje-staden» ved jernbanestasjonen betrakte projeksjonar av slåande landskap frå Noreg og Nigeria.

Nigeria har gjort seg avhengig av oljen. Nittifem prosent av dei utanlandske investeringane i landet er knytt til oljeindustrien. Den skaper enorme inntekter, som blir delt mellom dei internasjonale selskapa og ein rik elite. Innbyggarane ser lite til pengane og desto meir til konsekvensane av oljeverksemda. Bileta til Osodi viser korleis plattformer, gassanlegg og røyrleidningar strekkjer seg gjennom det sårbare Nigerdeltaet, og fører til forureina drikkevatn, ukontrollerte gassbrannar og stor politisk uro.

Den storstilte oljeutvinninga til Noreg fører med seg store inntekter til staten, men har òg konsekvensar for ein sårbar natur. StatoilHydro satsar i utlandet, mellom anna i Nigeria, og arbeider aktivt for å få tilgang til sokkelen utanfor Lofoten og Vesterålen. Ei rekkje av bileta til Osodi er frå desse områda, og det underliggande spørsmålet er kven som har rett til det økonomiske overskotet av desse naturressursane. Og kva veit vi eigentleg om konsekvensane for dei rike havressursane viss oljeboring blir tillate?

Bileta til Osodi viser menneske i kvardagslege situasjonar medan røyken frå oljebrannar siv opp bak dei, øydemarker med svidde tre som ein gong var frodige skogar, fuglar smurde inn av olje. Det store og det vesle blir samanstilt i fotografi som iblant viser den radikalt endra naturen som noko nesten vakkert og poetisk. Osodi si fotografiske framsyning av petroleumsindustrien, både ute og heime, viser at oljeverksemda til Noreg er ein del av ei større verkelegheit.

 

Relatert innhold

«Offshore»

Relatert innhold

Offshore

«Oljeimperier imellom» av Line Ulekleiv

cover - Offshore

 

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Vaterlandsparken og Bjørvika, Oslo

Kunstner
Dato

06.02.2009 - 16.02.2009

Prosjektleder

Victoria Pihl Lind

Samarbeidspartner(e)

Africa in Oslo, AIO
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Produsent (URO)
Produsert av

KORO (URO)

Program

Kunst i uterom (URO)

Del dette prosjektet