NTNU i Ålesund

Verda er dekt av snø i Vibeke Slyngstad sine måleri i foajeen til NTNU i Ålesund.

White Holes, Vibeke Slyngstad. Fotograf: Trond Isaksen

Om prosjektet

NTNU Ålesund held til i eit eldre undervisningsbygg og huser maritime fagområde som nautikk, skipsdesign og shipping. I foajeen heng det nitten måleri av Vibeke Slyngstad, og i etasjen over blir serien forlenga med ytterlegare fire bilete. Måleriserien er prega av stor variasjon; liggjande, ståande og kvadratiske lerret blir presenterte om kvarandre, og fargane spenner frå det kaldaste blå til ein varm, gyllenbrun tone. Dei fleste måleria har konkrete motiv – som trafikkerte motorvegar, aude skogsscener eller bygater fulle av menneske – andre er meir abstraherte. Slyngstad er kjend for ein fotobasert arbeidsmetode og akkurat som fotografi er nokre av måleria hennar skarpe, mens andre er meir ute av fokus.

Måleria kom på plass i 2010 etter ei større opprusting av bygningen, og fyller ein sentral vegg i foajeen. Trass i ulikskapane er det ikkje vanskeleg å sjå at måleria utgjer ein heilskapleg serie med eitt viktig trekk til felles: det snødekte landskapet. Store, tjukke snøfnugg laver ned og dominerer synsfeltet og dannar linjar mellom bileta.

Eit tema for serien til Slyngstad er kontrasten mellom naturen som pittoresk idyll og uregjerleg kraft. Nokre av bileta viser rolege skogsstiar, andre er meir urovekkjande. Her er ein nedsnødd bil, ein slapsete motorveg, frontlykter i det fjerne, ei form som kan likne eit bilvrak, og personar med hovudlykt og refleksband på kleda. Desse elementa gjev serien eit strok av usikkerhet og ei spenning som mange av dei som ser verka til dagleg vil kjenne att. I dei vakre kystnære landskapa på Vestlandet blir ein også stilt overfor dei lunefulle, forrykande naturkreftene, krefter studentane ved studiestaden førebur seg på å møte i sine framtidige yrke.

Detaljer

Adresse

Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund

Fylke

Møre og Romsdal

Kunstner

Vibeke Slyngstad

Ferdigstilt dato

04.01.2011

Prosjektansvarlig

Ruth Hege Halstensen
Mari Aarre

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Liv Dysthe Sønderland

Arkitektkontor

Slyngstad Aamlid Arkitekter

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk