NTNU i Gjøvik, Smaragdbygget

Tre skulpturar forma som gigantiske pollenkorn har blitt satt opp utanfor det nye Smaragdbygget på Campus Gjøvik.

Stort og smått, Erlend Leirdal. Fotograf: Signe Marie Andersen

Om prosjektet

Gjøvikområdet har lange tradisjonar innan bygg- og treindustri. Då det skulle veljast kunstnar til å gjennomføre kunstprosjekt til Smaragdbygget på Campus Gjøvik, fall difor valet på Erlend Leirdal. Han har arbeidd med treverk gjennom ein lang karriere og kombinerer utsøkt handverk med visuell historieforteljing.

Skulpturinstallasjonen Stort og smått står sentralt utanfor inngangen, godt synleg også innanfrå. Installasjonen består av ei lang plattform av tre med tre skulpturar forma som forstørra pollenkorn. Skulpturane er rundt tre meter lange og nær to meter høge, med ein omkrins på høvesvis åtte og fem meter. Materialet er furutre, men formene er ikkje massive. I staden har kunstnaren bygd opp skalformer ved å setje plankebitar av varierande lengder saman, ikkje ulikt slik ein legg murstein.

Treverk vil endre seg over tid i møte med vêr og vind, og kunstnaren har lagt inn slissar for utlufting og impregnert treverket for å gjere det haldbart så lenge som mogeleg. Plattforma og treskulpturane er konstruerte for å tole bruk, så ein kan både klatre og sitje på dei.

Campus Gjøvik er ei avdeling av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Ved dei fem fakulteta kan ein velje mellom studium i informatikk, media, teknologi, helse, økonomi og leiing. Rundt 3500 studentar og 390 tilsette kan no ta pausar ved Leirdals kunstverk og reflektere rundt dei mange dimensjonane av kunnskap som finst i natur, vitskap og kunsthandverk.

Erlend Leirdal (f. 1964) har gjennomført kunstprosjekt for mange skular og andre offentlege institusjonar og delteke på ei rekkje separat- og gruppeutstillingar. Verka til Leirdal er innkjøpt av mellom andre Nasjonalmuseet, KODE 1 (tidlegare Vestlandske kunstindustrimuseum) , Norsk skogmuseum og Norsk kulturråd.

Detaljer

Adresse

Teknologiveien 22, 2815 Gjøvik

Fylke

Innlandet

Kunstner

Erlend Leirdal

Ferdigstilt dato

07.05.2018

Kunstfaglig prosjektleder

Stine Arnet Høyem

Kurator

Christel Sverre
Karianne Stensland

Mottakerrepresentant

Inge Øystein Moen , NTNU i Gjøvik

Arkitektkontor

Reiulf Ramstad Arkitekter AS

Byggherre

Statsbygg , Reidar Søbstad

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Sjå videoen der kunstnarens sjølv fortel om arbeidet med skulpturane:

Kunstverk